![](https://4h.no/getfile.php/1330382-1587981957/Fylker/4H%20Sogn%20og%20Fjordane/Bilder/logo-sparebankstiftinga-liggande-2.png%20%28optimized_original%29.png)
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har gitt 4H-klubbane 400 000 kr i gåvemidlar. Fylkesstyret i 4H Sogn og Fjordane deler dei ut etter søknad frå klubbane.
4H Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har eit godt samarbeid om gåvetildeling til 4H-klubbane, og vi held fram med gjeldande praksis der 4H-klubbane søkjer om gåvemidlar til fylkesstyret.
I år har vi fått kr 400 000 til fordeling til 4H-klubbane og tiltak i 4H Sogn og Fjordane som er retta mot 4H-klubbane. Vi er glade for det og dette blir det mykje god 4H-aktivitet av!
4H-klubbane må hugse å søkje om gåvemidlar innan 1. juni, her kan du lese meir om søknaden og finne søknadsskjema.