Bli med på instruktøropplæring!
Bli med på instruktørkurs for å læra å halda kurs for andre 4Harar. Du kan fordjupa deg i styreverv eller friluftsliv. Når ein er ferdig med opplæringa kan ein halde styrevervskurs eller friluftslivkurs i heile landet.
Det er gratis å delta og ein får dekka reisane og overnatting til opplærings- og praksishelgene. Ein må vera mellom 16 og 26 for å delta.
Instruktørkurset består av tre deler. To nasjonale helgesamlingar og ei praksishelg i eige fylke. Etter endt opplæring, er du godkjent instruktør i 4H Norge.
Er du interessert i kva ein skal læra? Ta eit kikk her.
Del 1 er 8. - 10. november 2024
Del 2 er praksis i eige fylke under Styrevervskurs i februar 2025
Del 3 er 7. - 9. mars 2025
Høyrast dette kjekt ut?
Fyll inn interesseskjema, så tek me kontakt med deg for å høyra kva kurs du ynskjer.