4H Rogaland besluttet på forrige styremøtet å avlyse fylkesleiren i år. Med små og store koronautbrudd i ulike delar av fylket, og reglar som varierer frå dag til dag, veke til veke,  er det ikkje mogleg å planleggje og gjennomføre eit så stort arrangement der 4H-arar kjem frå heile fylket. 

4H Rogaland håper flest mogleg klubbar gjennomfører ei overnatting ute i løpet av sommaren, slik at medlemmane får oppleve teltlivet. Mini fylkesleir foreslår vi i alle klubbane i Rogaland.

Leir i Lomma: Det blir ikkje Nordisk leir i år, men ikkje fortvil, 4H Norge skal sørge for at alle 4H-arar frå 14 år og oppover får leirfølelse. Via discord, på nett, blir det aktivitetar på dagtid og underhaldning på kveldstid.

I 2022 er det Landsleir i Sogn og Fjordane. 4H Rogaland vil saman med alumnklubben RAA mobilisere til stor deltaking frå Rogaland.