I år er det 4H klubbane i øvre Valdres som ynskjer velkomne til fylkesleir, dvs Åsvang 4H, Slidre 4H og Furustrand 4H. 

Leirplassen ligg i tilknyting til Vestre Slidre Skule med god tilgang på toalett og dusj. Mange av dei valfrie aktivitetane vil gå føre seg på eller nær Slidre, men leirdeltakerne får også sjansen til å sjå seg rundt i andre deler av vakre Valdres. Det blir kiosk kvar ettermiddag, og kvar kveld blir det miljøtorg for dei eldste i Kulturkafeen på Slidre. 

Leirkomiteen oppfordrar deg til å "svalle" med andre leirdeltakarar, for dette kan føre til at du får vener for livet. Det er ikkje noko problem å få seg vener i 4H, og 4H-vener er dei beste venene du kan få! Kanksje lærer du nye ord og utrykk på slidremål av dei lokale? 

Torsdag opnar med ein ekte westernfest. Tema for leiren er nemelig "rett vest". Vi håpar alle henger på seg hatten, slenger seg på hesten og kjem. Gløym forresten ikkje danseskoa, kanskje kan du også lære nokre nye linedancesteg!

Fredag er det den store aktivitetsdagen. Då blir det mange spennande aktivitetar som du kan velja. Det blir både heil- og halvdagsaktivitetar. 

Du vel anten ein heldagsaktivitet eller to halvdagsaktivitetar, ein før og ein etter middag

Vaksenleiarar vel ikkje aktivitet, men «vaksenleiar». 

Aktivitetane du kan velje mellom, er: 

Aktivitet

Heil dag

Halv dag

Aldersgrense

Utstyr

Eigen-

andel

Maks. deltakarar

Leirdue-skyting

 

Formiddag

13 år

Uteklede

 

25

Fiske

 

Ettermiddag

 

Uteklede

 

 

Smiing

 

For- og ettermiddag

13 år

Klede i naturmateriale (bomull/ull)

200

7 + 7

Klatring og padling

x

 

12 år

Treningsklede og vindtett tøy

 

15

Kolrosing

x

 

 

 

 

8

Akrylmåling

 

Formiddag

 

 

 

 

Mekking

x

 

 

Arbeidsklede

 

 

Volleyball

 

For- og ettermiddag

 

Treningsklede

 

 

Foto

 

Ettermiddag

 

Mobiltelefon/kamera

 

20

Ysting

x

 

 

Buff

Forkle

Reine klede og sko som ikkje har vore i kontakt med andre sauer eller geiter

 

12

Turn på trampett

 

For- og ettermiddag

 

Treningsklede

 

 

Fyrstehjelp

 

For- og ettermiddag

 

 

 

 

Teater

x

 

 

 

 

 

Lompe-baking

 

Formiddag

 

Hovudplagg/
buff

Forkle

 

 

 

 

Laurdag får de oppleve vakker natur i øvre Valdres. Valdres har mange flotte plasser å tilby. Viss du ikkje er så nøye på badetemperaturen kan de også bli ein dukkert etter fjellturen. 

For seniorane blir det ein mystisk "blåtur". Dette er hemmeleg, du må komme på leir for å finne ut kva det er. 

Sundag er finaledagen med tevlingar. Tautrekking og volleyball. Kanskje er det klubben din som vinn årets vandrepokal? 

For meir info kan dere sjå i Firkløvern. 

Pris for leiren er 1000 kr som betalast ved påmelding. For dette får du aktiviterar, turar, t-skjorte, mat og mykje moro! 

Aldersgrense er 10 år, men småsysken kan være med, men da må dei ha med ein forelder. 

Påmeldingsfristen er 15. mai 

Avmelding etter 1. juni refunderast ikkje.