4H Hordaland har gleda av å invitere juniorar (fødd 2010-2012) til Juniorsprell på Hardangervidda 30. august – 1. september

I løpet av helga får du moglegheit til å padla kano, fiske, lære om turutstyr/ påkledning, og sove ute i naturen hvis du ønskjer det. I tillegg til dette skal me ha ulike konkurransar , fellesaktivitetar og mykje leik og moro!

Stad: Tråastølen, Hardangervidda.

         Tråastølen er ei velutstyrt hytte som ligg på ved vegen ein km aust for Dyranut  

         fjellstove på Hardangervidda, 36 km frå Eidfjord.

 

Alder: For juniorar (født 2010, 2011 og 2012).

 

Vaksne / føresette som ønskjer å delta/hjelpe til, kan melda seg på ved å sende mail til:  Turid.herland@4h.no

 

Pris: Gratis

 

Påmelding: Via link på heimesida til 4H Hordaland, under arrangement. Bruk medlemsnummer og passord. Kun plass til 20 deltakarar.

 

Påmeldingsfrist: 1. august

 

Leiarar: Rune Solberg (klubbrådgjevar Vennskapsporten 4H). Mobil: 45 14 16 10

              Anna Gudrun Tveisme (klubbrådgjevar Varden 4H).    Mobil: 99 71 70 65

 

Samlinga er sponsa av: Vestland fylkeskommune/ miljødirektoratet, Lions,

4H Norge, Sjøfartsdirektoratet (Sikkerheit på sjø, me skal nytta Skiftesjøen) og Studieforbundet Natur og Miljø


Pakkeliste

 

 * Undertøy og sokkar i ull, ekstra sokkar (dette er høgfjell)

 * Vatn- og vindtett jakke og bukse

 * Tette sko, gjerne fjellstøvlar

 * Ull eller fleecegensar

 * Lue og vottar eller hanskar

 * Liten ryggsekk for tur

 * Sovepose og liggeunderlag (det kan bli kaldt), teppepose er ikkje eigna

 * Sitjeunderlag

 * Hovudlykt/lommelykt

 * Toalettsaker og handkle

 * Kopp, fat, djup tallerken og bestikk, som kvar held reint

 * Termos og drikkeflaske

 * Inneklede og -sko/tjukke sokkar

 * Kamera, dei som har


Program

 

Dag 1

18-19 Frammøte romfordeling

20.00 Middag

21.00  Samling inne – Tema: Påkledning i høgfjellet – Bli kjent – Sosialt

          Kanskje soving ute!

 

Dag 2 

08.30  Frukost, smøre matpakke

10.00 Aktivitetar: Frisbee-golf, volleyball, fiske, kano/båt med vekt på sikkerheit

13.00 Lunsj

14.00 Uteaktivitetar

18.00 Middag

19.00 Konkurransar/quiz, sosialt , evt. tur i nærområdet

 

Dag 3

08.30  Frukost, smøre matpakke, pakke, støvsuge, vaske rom og fellesrom

10.00 Aktivitet

11.30 Lunsj 

12-13 Heimreise

 

Programmet kan bli endra