Velkomen til  Inspirasjonssamling!

Dette er ei samling for klubbrådgjevarar, alumnar og andre vaksne i 4H som vil ha litt informasjon og inspirasjon til 4H-arbeidet, samstundes som dei har det sosialt saman med andre 4H-arar. Her blir det gode samtalar og 4H-glede.

Utfordring: Laurdag kveld skal me feira at 4H Hordaland har fått tildelt Landsleir 2024

med gallamiddag. Ta med deg litt fine kle til feiringa.

Dato: 10.-12. februar

Sted: Folgefonn Gjestetun, Jondal. Fv105 140, 5627 Jondal. For dei som kjem med ferge er det kort vei å gå til gjestetunet og Jondal skule (styrevervskurs for medlemmer). Kanskje du kan setje bilen att på fergekaia i Tørvikbygd? 

Pris:  

Enkeltrom    kr. 3100,- inkludert mat og aktivitet

Dobbeltrom kr. 2800,- inkludert mat og aktivitet

Påmelding:

Påmeldingsfrist er 10. januar. (utsatt til 12. januar) Hugs å setje klubbens namn som betalar. Påmeldingen opnar 28.nov.

For å melde deg på Inspirasjonssamlinga må du finne fram medlemsnummeret ditt i 4H. Dersom du ikkje hugsar passordet må du klikke på «glemt passord». Nytt passord blir sendt til registrert e-postadresse i medlemsregisteret. 

Dersom du er nyvalt klubbrådgjevar, må du registrere deg/melde deg inn i 4H.

Dette gjer du ved å sende e-post til kontingent@4h.no. Oppgje personalia og kva klubb/fylke du er valt inn i. Du vil da få tildelt eit medlemsnummer slik at du kan melde deg på samlinga. 

Påmeldinga er bindande. Dette betyr at dersom du må melde deg av arrangementet etter at påmeldingsfristen er over, må du likevel betale deltakaravgift. Unntaket er dersom du blir sjuk og kan vise til attest frå legen. Dersom dette skulle skje, må du snarast sende epost eller ringe 4H-kontoret.

Kontaktinformasjon:

Kursadministrator og fylkesstyrerepresentant; Janniche Næss Bergås; 95 36 67 26

Organisasjonsrådgjevar/ 4H-kontoret; Turid Sandstad Herland; 99 40 52 69


Velkomen til inspirasjonssamling!

Program kan bli endra

Fredag 10.feb:

Før kl. 19.00.          Registrering og innlosjering

19.00-20.00            Kvem er du? Bli kjent med dei andre deltakarane

20.15                      Middag  

Laurdag 11.feb:

07.30 – 09.00         Frukost

09.00 – 11.30         Røde Kors: Tørr du å lytte

Kurset handlar om korleis du skal snakke med barn og unge om noko vanskeleg. Dette er ein tematikk som er retta mot frivillige og tilsettte som arbeider med barn og unge, for å gi ei innsikt i korleis dei skal handtere situasjonar der ein deltakar kjem og fortel om vanskelege opplevingar.

11.30 – 11.45         Kaffipause

11.45 – 12.45         2-deling: (de må velje ein av aktivitetane)

    - Kurs for nye  klubbrådgjevarar: Korleis fungerer medlemsregisteret og kva for nyttig informasjon finn eg på heimesidene til 4H.

    - Kva kan me gjera for å få ein spanande og flott Landsleir på Voss 6.-13. juli 2024?

13.00 – 14.00         Lunsj

14.00 – 16.30         Ut på tur med Norsk Friluftsliv «Turmat frå heile verda».

 Me besøkjer Folgefonn 4H sin nye gapahuk, og lagar enkle rettar på grillen.

16.30                     Ferdig for dagen

19.00                     Gallamiddag med underhaldning og moro!

Søndag 12.februar:

07.30                      Frukost

09.00                      Årsmøteregistrering

09.30                      Årsmøte


Samlinga er sponsa av:

Gjensidigestiftelsen    Studieforbundet natur og miljø