- Pris: Kr 750,-
- Arrangør: Stronde 4H
- Voss
- (heldags)
Leir
Stronde 4H inviterer aspirantar og 1. års juniorar (fødd 2013- 2015) til distriktsleir
Stronde 4H ynskjer velkomen til Distriktsleir på Vossestrand. Leiren skal vera på bakkane ved sida av Vossestrand Barne og Ungdomskule og matserveringa vert i gymsalen.
Kven: Aspirantar og 1. årsjuniorar, dvs fødd 2013, 2014 og 2015.
Tid: 27.-29. juni
Stad: Vossestrand Barne- og ungdomsskule
Pris: 750,-. Dette dekker mat, opphald og aktivitet, merk at nokre kurs har eigenandel. Sjå kursoversikt
Reise: De har sjølv ansvar for å koma dykk til leirstaden
Info: Alle som melder seg på får tilsendt informasjon/leirprogram
Vaksne: Minst ein vaksen leiar pr 7.deltakar frå kvar klubb. Gratis for leiarar. Me kjem og tilbake med spørsmål til leiarane som er med under leiren om de kan vera med på nokon av aktivitetane.
Andre aktivitetar: Diskotek, leik og div konkurransar.
Det vert kiosksal fredag og laurdag kveld. Vipps, kort og kontant.
Ta med ein liten tursekk og drikkeflaske
Har du spørsmål ta kontakt: stronde4h@gmail.com eller til Aina Kvitne Cook mob: 48003034
Helsing Styret i Stronde 4H
Aktivitetar
Rugby: Rugby er ein blanding av kast, spark og springing med ball. På denne aktiviteten får du opplæring i ulike teknikkar som vert nytta i rugby. Passar for alle uansett nivå.
Fotball: Dette kurset er for deg som likar fotball og ynskjer og utvikla deg meir som fotballspelar. Passar for alle uansett nivå.
Riding og hestestell: Me reiser til Myrkdalen hestesenter, 10 min frå leirområdet. Det blir ridning og stell av hest. Eigenandel: 200kr
Skyting: Her blir det opplæring i skyting med salongrifle på skytebanen. Eigenandel: 200kr
Tradisjonsbakst: Dette kurset er for deg som likar og bake. Her får du læra deg å bake flatbrød med lokale bygdekvinner.
Skogstur: Turen går til Gapahuken på Hagahovden. Det blir ulike leikar, aktivitetar og de får læra å henge opp hengekøye.
Sløyd: Dette kurset er for deg som likar og snikre. Eigenandel: 100kr
Vikinglandsby: Her vert det tur til Vikinglandsbyen i Gudvangen. De får guida tur og moglegheit til å prøva øksekast, bueskyting og besøke smia m.m Eigenandel: 100kr
Klatrepark: Dette kurset er for deg som likar deg i høgda. Eigenandel: 250kr
Fisking: Her får de læra ulike fisketeknikar og prøver fiskelykka.
Pakkeliste
- Sovepose, liggeunderlag
- Telt/lavvo
- Campingstol om du har
- Toalettsaker og håndklede
- Lommepengar til kiosk (me har vipps)
- Lommelykt
- Drikkeflaske
- Liten sekk for mat og klede til kurs/aktivitet laurdag
- Regnklede og støvlar viss det skal regne
- Solkrem om sola skin
- Byteklede
- Varme klede til kvelden
- HUGS Å SJEKKE VERMELDINGA
Ta med dette til kurs/aktivitetane
- Rugby: Treningskle og fotballsko for dei som har det
- Fotball: Treningskle og fotballsko
- Hest og riding: Klede til hestebruk og sko med hel
- Skyting: Gode klede
- Tradisjonsbakst: Forklede og hårstrikk
- Skogstur: Gode sko og klede etter været
- Sløyd: Innesko
- Vikingslandsbyen: Klede etter været
- Klatreparken: Gode sko og klede etter været
- Fisking: Fiskestong