Velkommen til distriktsleir i Øvrebygda 7.-9.juni

Leiren er for aspirantar, 1. og 2. års junior

Leiren vert halden ved Øvrebygda skule på Fitjar. Teltplassen blir på ein litt ujevn bakke, men me har også ein bjørkeskog ved sida av bakken med god plass til hengjekøyer om nokon vil overnatta i det.

Samla påmeldig sendast til ida@haugnett.no innan 01.juni.

Påmeldinga må innehalde navn, fødselsdato, evt matallergiar eller andre ting me bør vita om, og val av fagaktivitet rangert frå 1-3.

Leiavgifta vert 600kr. + evt eigenandel på fagaktivitet. Leiren er gratis for leiarar, det må vera minst ein vaksen pr 8. barn.

Me kjem tilbake med informasjon om samla innbetaling når fagaktivitetane er sette.

Du kan velgja mellom desse fagaktivitetane:

  • Fotball.
  • Kanopadling i Storavatnet.
  • Tur med matlaging på bålpanne.
  • Takkebakst/matlaging.
  • Gardsbesøk.
  • Sløyd.
  • Skyting. -Eigenandel 100kr.
  • Sykkeltur i vindmølleparken på Midtfjellet. -Du må ha med eigen sykkel og hjelm.

Me har ikkje lagt opp til eigen aktivitet for dei vaksne men dei er sjølvsagt hjarteleg velkomne til å vera med på dei aktivitetane me har sett opp for medlemmane.

Ved spørsmål kontakt Ida Marlen Havn ida@haugnett.no, 91 33 46 54


Program:

Fredag:

18:00-19:00: Frammøte og oppsetjing av telt/hengekøye

19:00-20:00: Kveldsmat

20:00: Opning av leiren, litt underhaldning, bli-kjentleikar, just dance og kiosk

22:00: Leiarsamling

Påmelding av lag til volleyballturneringa og underhaldning til laurdagskvelden.

23:00: Ro i leiren!

Laurdag:

08:00: Vekking - flaggheising

08:30-09:30: Frukost og smørjing av nistemat til fagaktivitetane

09:45: Alle må vera klar på skuleplassen!

10:00-14:00: Aktivitetar

15:00: Litt mat på skulen

16:00: Mesternes mester

19:00: Grilling

20:30: Quiz, volleyball og just dance

22:00: Leiarsamling

24:00: Ro i leiren

Søndag:

08:30: Vekking

09:00-10:00: Frukost

10:00: Avslutning og rydding av leirområdet

10:30: Vel heim


Dette må du ta med deg:

  • Telt/hengekøye
  • Sovepose/pute/teppe og liggeunderlag
  • Toalettsaker
  • Klede og sko etter vêrforholda og etter fagaktivitetane
  • Lommepengar slik at du kan handla i kiosken
  • Godt humør!