- Arrangør: 4H Hordaland
- Lom
- (heldags)
Leir
Informasjon om fellesreise og leiropphald
Påmelding til Nordisk leir i Lom startar 31. mars.
4H Hordaland har ordna fellestransport og leiarar til Nordisk leir på Lom.
ALLE som skal på leir må melde seg på arrangementet "4H Hordaland Nordisk leir 2023", også dei som ordnar skyss sjølve.
Nytt i år er at alle fylka må betale for sine leiarar, derfor må alle deltakarar frå fylket vera med på å betale 250,- kr for leiarar og fellesutgifter.
Fellesreise saman med andre 4H-arar er ein viktig del av leiropplevinga.
4H Hordaland har bestilt to bussar.
Ein buss startar i Skare, går via Odda, Kinsarvik og Voss.
Den andre startar på Halhjem, går via Åsane og Voss til Lom.
Kryss av kor du ønskjer å gå på/av bussen eller om du ordnar skyss sjølv.
Prisen er avhengig av kor mange som ønskjer å sitje på, og om vi må ha ein eller to bussar.
Faktura blir sendt ut 1.juni.
Medlemmar som reiser på Nordisk leir må ta ansvar for seg sjølv, at dei har med alt dei treng, er oppdatert med program, og at dei stiller opp til rett tid.
4H Hordaland stiller med hovudleiar og fleire leiarar som skal hjelpe/ støtte våre medlemmar slik at dei får ein fin leir.
Årets hovudleiar er Silje Lilleås: Mobil: 47 95 77 68. Ho har vore med i 4H i mange år, og har mykje erfaren som leiar, instruktør og kursadministrator. Med seg får ho 1 leiar pr. 15. deltakar.
Påmeldingsfrist for "4H Hordaland Nordisk leir 2023" er 15. mai. (utsatt til 28. mai)