Logoen er nøye utforma for å fange essensen av både fylket og Voss.
Den inkluderer karakteristiske element som fjell, elvar og ekstremsportens verden, som kjenneteiknar denne regionen. Dette er ein plass der naturen sine mektige fjell, kraftfulle elvar og den adrenalinfylte ekstremsporten utfordrar grenser, gir adrenalinpumpande opplevingar og set hjartet i høg puls. Fargane er valde for å skape ein harmonisk og inspirerande visuell oppleving.

 

Med lanseringa av logoen vert det enda tydelegare at landsleir på Voss vil bli ei minneverdig oppleving for alle deltakarar. Den vil vera eit symbol på stoltheit og tilhøyrsle for både 4H Hordaland og Voss som vertskap for denne store hendinga.

Gjennom logoen kan me allereie førestilla oss energien og spenninga som vil fylla leiren. Den vil pryda alt frå T-skjorter og banner til nettsider og plakatar, og bringe med seg den unike atmosfæren som berre ein landsleir kan ha.

Med dette visuelle symbolet kan deltakarane byrje å førebu seg mentalt og føle seg endå meir knytt til både leien og Voss. Logoens betydning vil berre auke i takt med at leiren nærmar seg, og den vil vere med på å skape ein felles identitet og samhald blant alle som deltek.
 

Saman skal me skapa uforgløymelege augneblink og la logoen vere eit symbol på den fantastiske reisa DU kan få ta del i.

Hovudkomitéen gleda seg EKSTREMT og håpar å sjå DEG på leir!