Molvik 4H gard inviterte alle 4Here i Hordaland til familiedag og under åpen himmel helga 6-7 mai 2023.

Det var over 70 stykker som nøyt sola og koste seg med gårdens aktiviteter lørdag 6 mai og ca 40 stykker overnattet under åpen himmel i hengekøyeskogen.

Alle som ville fekk være med på biesafari og lære om norges minste men viktigaste husdyr
Foreldre, søsken og 4H-ere lånte birøkterdrakter og vart med birøktar Leif-Helge Molvik på ein rundtur i biehuset. Der fekk alle helst på ei ekte dronning og smakt på honning rett frå kuben.

Oppe rundt bålplassen var det forskjellige aktivitetar og kl 16 kom sjølvaste ordførar Sara Hamre Sekkingstad for å åpne den nye øksekastbana vår.
Ordførar Sara hadde nok ikkje øvd på øksekasting før ho kom til Molvik men fekk kutta snora på blinken til slutt.

Ordføraren åpner bana

men kor var du når Leif-Helge traff blink på første forsøk med den store øksa??

Leif-Helge treffer blink 

 

Utover ettermiddagen og kvelden var det konstant kø for å kaste øks og mange hundre kast traff blink denne dagen.

Molvik 4H gard hadde også fått på plass ein heilt ny versjon av volleyball i år.
Crossnet er ein ny grein innafor volleyball der 4 lag kan spela samtidig.
Mindre bane enn vanleg og litt andre reglar, men gøy var det til langt på natt.

cross net

Etter felles grilling kl 18 var det ein del som reiste heim og berre den harde kjerne var igjen for overnatting i hengekøyeskogen.

Med god fyr på bålet og musikk frå den nye høgtalaren til Hordaland 4H så vart det seine natta før alle kom seg opp i skogen og til hengekøyene sine.

Medieoppslag frå lokalavisa:
https://www.strilen.no/nyheiter/i/rlblRR/nordhordlands-nyaste-oeksekastbane-har-opna

https://www.strilen.no/kultur/i/nQbyPL/4h-barna-leika-herja-og-sov-under-open-himmel-i-molvik