Torsdag 11.07.2024 kl 12.00-16.00
Voss Vidaregåande skule, Skulestadmoen, Voss

Denne dagen vert fullspekka med aktivitetar for leirdeltakarane, familie, vener og heile lokalsamfunnet.

Vi har med oss mange samarbeidspartnare denne dagen som stiller med stands og aktivitetar for store og små.

* HADO Norge kjem med ein heilt ny sport der man speler kanonball i ein virtuell verden.
* BIR kjem med sitt opplegg rundt resirkulering og arbeidet mot matsvinn.
* Morten Lyngøy motorsport har med seg ein skikkelig racingbil og heile motorsport teamet sitt.
* Køyretørhistorisk klubb Voss kjem med alle sine veterantraktorar
* Bergen og omegn birøktarlag kjem innom med ei glasskube så alle kan få sjå bier på nært hald.
* Molvik 4H gard kjem med lokalmat frå garden i Nordhordland.
* Vi skal ha ett stort 4H telt midt på plassen med masse 4H aktivitetar.

Sjølvsagt er det gratis inngong og leirkiosken er åpen så der får du mat og drikke du treng.