Molvik 4H-gard med eigarane Leif-Helge og Lene Molvik, fekk garden godkjent som 4H-gard førige veke, og laurdag vart den høgtidleg opna av ordførar i Alver kommune, Sara  Hamre Sekkingstad.

Opning av garden var ein del av markeringa av "Frivillighetens år" og feiringa av 4H-dagen, og alle 4H-klubbane i fylket var inviterte til omvisning og aktivitetar.

4H-medlemmar frå Marås 4H, Samhald II 4H og Tema Flatøy 4H hadde melt seg på, og fekk vera med på biesafari, bli-kjentleikar, frisbeegolf, kubbespel, spikking av grillpinnar, grilling av pølser og binnebrød. Dagen vart avslutta med overnatting i hengekøyer og telt. Litt kaldt vart det utover natta, gradestokken viste 2 grader, så da sola viste seg fram søndag morgon, var det eit kjærkoment syn.