Mange 4H-klubbar har lang og god tradisjon for verving ved skulestart. Dette er ei tid der MANGE leitar etter nye fritidsaktivitetar. Då må vi vere der for å fortelje om 4H. Her finn du tips og inspirasjon.
Ressurssider for verving i 4H
Vervemateriell
I 4H-butikken finn du materiell som kan brukast når de skal ut å verve. Bestill i god tid.
Hugs at du må logge inn for å få handle som 4H-klubben og ikkje deg sjølv som privatperson. Her finn du brukarrettleiing.
Mange av 4H-kontora i fylka og ikkje minst mange klubbar har kjøpt inn utstyr som kan nyttast på stand. Spør om de kan låne?
På ressurssida til 4H finn du også materiell som kan lastast ned; film, bilete til sosiale media osv. Du finn også eksempel på "snakkepunkt". Sjekk ut!
Skulestartkampanje på ungfritid.no
Med støtte frå Gjensidigestiftelsen og Bufdir-midlene har ungfritid.no moglegheit til å promotere ekstra i sosiale media og andre plattformer. Målet med kampanjen er å synliggjere Ungfritid.no, og dei fantastiske fritidstilboda som finns i dei frivillige organisasjonane!
I løpet av kampanjeperioden fra uke 32 til uke 35, promoterer dei fritidsaktiviteter som ligg ute på Ungfritid.no.
Alle 4H-klubbar er lagt inn på ungfritid.no. Dersom du vil bli lagt til som brukar. Ta kontakt med 4H-kontoret i fylket. Det er aktivitetane som blir lagt inn som blir promotert.