
16 aktive og friluftsinteresserte ungdommar deltok på årets Juniorsprell
20.-22. august deltok 16 juniorar frå 5 klubbar på Juniorsprell på Tråastølen, ei hytte på Hardangervidda som 4H Hordaland hadde fått låne av Lions.
Rune Solberg, klubbrådgjevar i Vennskapsporten 4H hadde hovudansvaret for opplegget denne helga, og han fekk god hjelp av klubbrådgjevar Anna Gudrun Tveisme frå Varden 4H, Lisa Jonetta Ølvestveit frå H.A.N.S.A./ fylkesstyret, og Torill Borge frå Hjorten 4H. Ein stor takk til dei for veldig god hjelp!
I løpet av helga fekk deltakarane opplæring i påkledning i høgfjellet, kart og kompass, sette saman kano og padle kano, turopplevingar, overnatting under open himmel, i tillegg til at dei hadde kjekke sosiale aktivitetar som konkurransar, volleyball og ulike spel.
Ut i frå kommentarane frå deltakarane, hadde dei hatt ei kjekk og koseleg helg. Her er nokre eksemplar på tilbakemeldingar frå dei:
- Rart at det ikkje er fleire som har meldt seg på?
- Det er sååå kjekt å kunne møte andre 4H-arar att!
- Tråastølen og området rundt er kjempe- fint!
- Kanopadling er kjempe-gøy!
- Vi har vært så heldig med været. Tenk sol heile tida!
Fotografar: Anna Gudrun Tveisme, Lisa Jonetta Ølvestveit, Rune Solberg
Samlinga er sponsa av:
- Lions
- Vestland fylkeskommune
- 4H Norge