Årsmøte

Med 133 deltakarar frå 27 klubbar vart det eit stort engasjement på 4H Hordaland sitt fylkesårsmøte på Voss søndag 9. februar.

Her vart rekneskap og ein flott årsmelding lagt fram og godkjend. Ny handlingsplan og årsplanar og budsjett for 3 år fram i tid vart vedteke. Eit av temaene på årets årsmøte var korleis 4H Hordaland skal forvalta sine pengar, ettersom dei i år  fekk  eit fint overskot, mykje pga.  årets landsleir på Voss. Fylket mangla arrangør til fleire av leirane i år. Men da årsplan 2025 vart vedteke sto Lid 4H og Spretten 4H som arrangørar for fylkesleir, og Stronde 4H skal ta ansvar for distriktsleiren for Voss, Ulvik og Granvin.

Nytt styre i 4H Hordaland:

Leiar:                                                            Vilde Sylta Kvamme

Styremedlem med økonomiansvar:       Tuva Helland

Styremedlem med skrivaransvar:           Agathe Ølvestveit

Styremedlem:                                             Marius Skar Kolås

Styremedlem:                                             Aasmund Skarveland

1.varamedlem:                                            Camilla Solberg

2. varamedlem:                                           Vinjar Vrålstad Hole

3. varamedlem:                                           Astrid Frøysnes Flaa

 

Stronde 4H vart kåra til Årets klubb etter å gjennomført eit flott og aktivt 4H.

Etter årsmøtet vart Jostein Ljones takka av som ordstyrar etter over 10 år i vervet.
   


Styrevervsopplæring

100 medlemmar frå heile fylket deltok på styreversopplæring. Gjennom kursa fekk deltakarane eit innblikk i korleis vere ein god leiar for klubben, skrive gode referat, føra rekneskap og korleis styremedlem bør kunne litt av alt innan styrearbeid. Her var læringskorga bratt, men tilbakemeldingane har vore gode. 

Dei medlemmane som hadde gjennomført eit kurs i sitt verv tidlegare, kunne melde seg på friluftsheltkurs  eller årsmøteseminar.

Dyktig 4H hadde det tekniske ansvaret for styrevervskurset i helga, og dei gjorde ein flott jobb for at alle skulle ha gode rammer for å lære om styreverv sitt. Her var alt på plass , gode kursrom, mat for svoltne kroppar, gymsal til leik og moro, og klasserom kor medlemmene kunne sova i.

Marius Skar Kolås og Vilde Sylta Kvamme var kursadminstratorar, og dei hadde full kontroll over alt og alle. Alumnar stilte som vanleg opp som instruktørar og sosiale bidragsytarar. Kjekt å sjå kor flinke dei er til å  lære bort og hjelpa medlemmene som er på kurs.

Kursadministrator          Marius Skar Kolås og Vilde Sylta Kvamme

Leiar nybyrjar                  Åsmund Skarveland og Vinjar Vrålstad Hole

Skrivar                              Miriam Solheim og Anna Kaspara Lægreid Rinaldo

Kasserar                           Steffen Stråtveit

Styremedlem                  Agathe Ølvestveit og Espen Aaserød

Årsmøteseminar            Andreas Ølvestveit 

Friluftshelt                      Astrid Frøysnes Flaa, Adrian Ystanes Djønne og

                                          Benjamin Øvrevoll Disselhorst

Alumnar og hjelparar: Sigurd Lorvik Hansen og Elisabeth Rydland Sæbø


 Inspirasjonssamling

40 klubbrådgjevarar gjennomførte inspirasjonssamling med besøk av sentralstyreleiar Martin Homen, Lene Nilsen frå FFO (Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon), og speidarane Georg Instefjord og August Kjærland som lærte oss alt om bål. Kursadministrartorar for helga var Janniche Næss Bergås og Turid Sandstad Herland.

Ein flott og sosial gjeng fekk mykje tid til å snakka saman om kva som skjer i dei ulike klubbane, og dei ga kvarandre tips og råd frå eiga erfaring.