Stor aktivitet da 110 4H-arar var samla på Vossestrand
Ein stor takk til Stronde 4H og Samhald 4H som arrangerte ei flott kurshelg 18.-20. mars!
Mange 4H-arar var spendte på korleis det ville bli å samlast på eit stort 4H-arrangement etter koronatiden. Ville stemninga vera den same som før?
Arrangørane satsa på mykje sosialt og stor aktivitet frå morgen til kveld, og det slo til. Tilbod om mange ulike kurs (mopedmekking, kunst, trearbeid, volleyball, kakepynting, slalåm, bygging av snøhole, foto, klatring, polarhund og på garden), uteleikar i snøen laurdag ettermiddag, god mat, og mykje dans og moro i diskoteket på kveldstid. Det ble suksess!
4H Hordaland vil òg takka kursadministratorane, Janniche Næss Bergås og Anita Lund, som saman med alumnane og arrangørklubbane dro det heile saman til eit vel gjennomført arrangement.