Komplett bålpanne finansiert av dei ekstra frifond boost midlene som fylket fekk i 2022 ble delt ut av organisasjonsrådgjevar Turid S. Herland
Spretten 4H er ein av 5 klubbar som no har fått ein ekstra boost av fylkesstyret.
Representantar frå fylket var på plass laurdag 25.mars for å dele ut ei komplett bålpanne og være med på vervestand i Sveio sentrum.
Den nye bålpanna ble satt opp utanfor kommunehuset, og her ble det grilla pølser og marshmellow. I tillegg var det utdeling av nystekte vaffler, kaffe, saft og 4H-drops.
Spretten 4H hadde laga quiz med gode spørsmål om både lokalsamfunnet og 4H. Eit av spørsmåla var blant anna om kor mange 4H-klubbar det er i Sveio. Her var rett svar 3 klubbar; Lid 4H på Lid, Sisu 4H i Valevåg og Spretten 4H på Vikse.
Eit flott, litt kaldt arrangement og nokre nye medlemmer vart resultatet av standen i Sveio.