Bjødnabykse 4H er ein av 5 klubbar som no har fått ein ekstra boost av fylkesstyret.
Representantar frå fylkesstyret var på plass laurdag 11.03 for å dele ut komplett bålpanne og være med på vervestand i Lofthus sentrum.

Klubben hadde leigd samfunnshuset i bygda og inviterte til brettspel og vafflar.

Utafor satt vi opp vervestand og monterte den nye bålpanne slik at alle som kom forbi kunne få seg ein matbit.

Flott arrangement og nokre nye medlemmar vart det også denne dagen.

Oppslag i lakalavisa:
https://www.hardanger-folkeblad.no/vil-bli-meir-synleg-i-naromradet/s/5-22-498091