Ein stor takk til Lid 4H som arrangerte eit prikkfritt storkurs i Sveio 8.-10. mars. Her var det tilbod om ulike aktivitetar som hesteriding, motorsag, dykking og fyrstehjelp, volleyball, tur med fisking, trening og spa, paintball, strikking, pynting av leirbukser, crossfit og baking. 

På kveldane stilte alumnane Nicolaj, Steffen, Martin og Sindre opp med ulike leikar, brettspel, og sjølvsagt Landkreditt volleyballcup. 11 lag stilte opp i turneringa, og vinnar vart ein samensatt lag med medlemmar frå Lid 4H og Hjorten 4H. Det vart òg kåra ein vinnar for det kulaste lagnamnet, og det vart "Pylsefest". 

Me vil takke alle både arrangør, alumnar og deltakarklubbar for at de gjorde helga til ei flott oppleving!

Pylsefest  "Pylsefest"

Mat må vi ha!

Hest        Hest