I år kunne medlemar frå Sogn og Fjordane delta. Bergrosa 4H, Den grøne riddar 4H og Moral 4H tok utfordringa og meldte seg på. Totalt deltok 150 medlemar i alderen 12 år og oppover, alumnar og leiarar på fylkesleiren på Voss.

Fredag gjekk alle deltakarane ned til Voss sentrum, og tok Gondolbanen opp til toppen av Hanguren, ca. 820 meter over havet. Her tok Heidi Grønsberg fellesbilete, og arrangørklubben Bordalen 4H hadde lagd ein spanande natursti bort til Røde Korshytta. Ved hytta  blei det bading og lunsj før alle gjekk tilbake til gondolen.

Laurdag var aktivitetsdag. Aktivitetane som blei gjennomført i år var: Kajakk på Vangsvatnet, volleyball, trearbeid, sykkeltur rundt Vangsvatnet, klartring/buldring, skyting, fotografering, swing, mekking, og matlaging med Unge Kokkar. Ein stor takk til alle instruktørane som stilte opp for oss!

Volleyball er nasjonalsporten til 4H, og derfor noko vi driv mykje med på leir. Alumnklubben H.A.N.S.A. tok ansvar for gjennomføringa  og dømminga. Årets vinnar vart Marås 4H frå Radøy.

Kvar kveld var det underhaldning på utescena og Miljøtorg i gymsalen. På scena stilte mange klubbar opp med dans, leikar, konkurransar og musikk. Det var kjekt å sjå kor flinke medlemmar me har. I miljøtorget tok alumnane oss med på reisa med alle våre  kjente dansar som Makarena, YMCA og gummihatt-swing, og sjølvsagt kunne me kjøpa H.A.N.S.A.- spesial (deilig is).