Å vere vaksen frivillig i 4H

Det er viktig at dei vaksne i 4H også har det moro! Det er plass til fleire engasjerte vaksne enn berre klubbrådgjevaren. Det er ein styrke for klubben, og dermed medlemmane, å ha mange engasjerte vaksne som alle bidrar med det dei er gode på. Nokre er glade i å gå tur og finne på ting ute. Andre er gode på pepperkaker og marsipan. Det er lurt å fordele oppgåver slik at alle kan bidra med det dei har lyst til.

4H i fylket arrangerer klubbrådgjevarsamling (blir ofte kalla for Inspirasjonssamling), der alle dei vaksne kan møtast for å ha det sosialt saman, diskutere felles utfordringar og få gode idear som dei kan ta med tilbake til klubben.

Klubbrådgjevar 

Klubbrådgjevar A og B blir valt for eitt år om gongen på årsmøtet i klubben. Ein klubbrådgjevar har ikkje stemmerett på verken styremøte eller årsmøte. Denne rolla handlar om å legge til rette og gje klubbstyret (og andre som har fått ei rolle i klubben) gode råd. Slik sikrar vi at klubben blir driven på ein god måte. 

Klubbrådgjevar A mottar posten frå 4H Norge, og har ansvar for at informasjon kjem vidare til dei andre. Klubbrådgjevar A har i tillegg hovudansvaret for at arbeidet blir godt fordelt mellom alle dei vaksne med ansvar og roller i klubben. Til dømes oppfølging av 4H-prosjekt. 

På ressurssidene på 4h.no finn du 6 steg for å kome i gong som klubbrådgjevar

 

Prosjektrettleiar

Dei fleste 4H-medlemer arbeider med eit 4H-prosjekt fra januar/februar til haustfesten. Mange vel prosjekt der dei føresette i heimen kan hjelpe til. Andre treng nokon andre vaksne som kan vere prosjektrettleiar. Kanskje klubben kan samarbeide med andre lag og organisasjoner om å vere prosjektrettleiar? Kanskje ein nabo er ekspert på akkurat det temaet 4H-medlemmet ønsker å ha prosjekt i? 

Prosjekt-vurderar

For å få til reelle vurderingar, er det bra om den som vurderer 4H-prosjekta ikkje er den same som rettleiar undervegs. Dersom føresett eller andre er prosjektrettleiar, er det flott om klubbrådgjevar kan vurdere. Dersom klubbrådgjevar ikkje har kompetanse i temaet, kan det vere kjekt å hente inn nokon andre. 

4H i fylket er til for å støtte arbeidet du gjer som frivillig. Ta kontakt om du lurer på noko!