Er de klare for Landsleir på Voss?

Påmeldinga opnar den 4. mars kl. 18, og me oppmodar alle til å vera førebudde, slik at du er klar til å melde deg på for å få den aktiviteten du ønskjer. 

Dei 50 fyrste som sikra seg ekstremt tidleg billett i fjor, vil bli kontakta direkte for å kunna velja sine aktivitetar før ordinær påmelding opnar.

Leirarrangør tilbyr eit mangfald av aktivitetar frå golf og folkedans til tandem og rafting. Det er noko som passar for alle! Følg med på landsleirkanalane for meir informasjon om aktivitetane fram mot påmeldinga.

Program for veka finn de link til her.

Gjennom leirveka vil det skje mykje spennande, blant anna:

Gondoltur til Hangurstoppen, (820.moh) Dette er ein tur som alle kan vera med på. Hanguren er eit fantastisk utgangspunkt for tur – så her vert det tilbydd tre ulike turar for deltakarane.

Smalahovemiddag på Løno. Tørr du å eta smalahove? Bli med på ein uforgløymeleg middag saman med andre leirvener. Smalahovetunet er den einaste smalahoveprodusenten i Noreg, men i tillegg til smalahove vert det laga pinnakjøt, rullepølse, korv og mange andre tradisjonsrike kjøtprodukt.

Open dag Her får me blant anna besøk av HADO Norge - HADO Sport liknar på kanonball, men i AR format. AR står for Augmented Reality, ofte kalla utvida verkelegheit på norsk. Me er også heldige å få besøk av Morten Lyngøy og hans team i Lyngøy motorsport.

Miljøtorg. Det vil vera fullt av aktivitetar, frå speedfriending og karaoke til swinghalvtime, krasjkurs i linedance, kortspel og brevskriving til ditt nye favorittfylke. Alumnklubben H.A.N.S.A. stiller sjølvsagt med H.A.N.S.A.-spesial!

Tema for innmarsj: Ekstrem Innmarsj Landsleir på Voss er landsleir - ekstrem utgåve. Våga du, våga me.  Landsleirkommiteen sier: Voss er kjend for Ekstremsportveko, og me i Hordaland kjenner oss litt igjen i dette. Me er litt ekstreme. Me ynskjer oss ein pangstart på leiren, og legg då opp til Ekstrem Innmarsj. Her ynskjer me at fylka lar seg inspirera, og lagar ein heidundrande fest av ein innmarsj. Men korleis gjer me det ekstremt, tenkjer de kanskje? Lat oss koma med nokre døme. Kanskje fylket ditt har eit ekstremt bra rop? Har fylke ditt noko som du berre tenkjer «Dette her er så ekstremt mitt fylke!». Er du/de glad i ekstremsport kanskje? Kanskje du/de er ekstremt god på å utfordra dykk sjølv? Her er det berre fantasien som set grenser. Me gler oss til å sjå dykk på Ekstrem Innmarsj!

4H Hordaland vil i løpet av våren bestemme kva me skal gjere på sjølve innmarsjen. Meir info kjem.

Landsleirgensar: Den kan kjøpast som strikkepakke hjå Hillesvåg Ullvarefabrikk eller som eit oppdrag i oppdragsbanken. Me ser fram til å sjå alle dei kreative variantane som vil dukka opp under leiren. Garnpakkar Hillesvåg Ullvarefabrikk

Storkurs i Sveio 8.- 10. mars. Her får medlemmar moglegheit til å strikke leirgensar eller pynte leirbuksa si. Strikkepakke eller garn får ein da kjøpe til 20% (deltakar må kjøpe inn før storkurset.) Sjå storkursinvitasjonen 

Transport til/frå leiren. 4H Hordaland set opp ein buss som skal gå frå Leirvik på Stord via Skare til Voss. Meir info kjem.