Raggsokkjen 4H feira 55-årsjubileum med besøk av fylkestyreleiar Sofie Ljones. Klubben fekk diplom og skryt frå leiaren, som blant anna roste klubben for god aktivitet, flott haustfest og fine prosjekt. Samstundes tok ho fram tidlegare klubbrådgjevar Elin Klette, som fekk tildelt Æresdiplom for sitt lange og aktive engasjement i 4H. Synnøve Stokken fekk utdelt eit flott fat frå Voss herad for å ha utmerka seg som eit aktivt medlem dette året.


Tildeling av Æresdiplom

4H Hordaland ønskjer å dele ut æresdiplom til ein 4H-ar som har vore 4H-medlem i over 40 år.

 Ho starta si 4H-karriere i Skulestad 4H i 1982, og fekk plaketten i 1988. I løpet av desse åra sat ho i styret i klubben både som leiar, nestleiar, skrivar og styremedlem. Etterpå var ho klubbrådgjevar i klubben fram til 1994 òg alumnmedlem i H.A.N.S.A. til 2007.

Årets æresdiplommottakar har alltid hatt eit stort engasjert for 4H, bl.a. har ho vore representant i landsstyret, styrevervsinstruktør, leiar og skrivar i Voss 4H-nemnd, PR og informasjonsansvarleg for Landsleir 2000, og ho har vore med 4H til Gambia. Frå 2010 til slutten av 2022 var ho klubbrådgjevar i Raggsokkjen 4H, og ho sit fortsatt i kontrollnemnda til 4H Hordaland. Som klubbrådgjevar har ho vore flink til å motivere medlemmane til å ta ansvar i styret, få stor og variert aktivitet i klubben, gode 4H-prosjekt og synleg i nærmiljøet. Ho har alltid godt foran som eit godt førebilete for andre ved å stille opp på klubbrådgjevarsamlingar, årsmøter, nemndsmøter, informasjonsmøter på teams, og som leiar for klubben på leirar og kurs. Når 4H Hordaland har spurt om hjelp, kjem ho alltid med gode råd/ tips, og stiller opp viss det trengs.

4H Norge godtok 4H Hordaland sin søknad om tildeling av Æresdiplom på sitt sentralstyremøte 22. januar 2023.

4H Hordaland ønskjer å gje æresdiplom til Elin Klette, Raggsokkjen 4H, for sitt engasjement for 4H.


Raggsokkjen 4H 55 år  Raggsokkjen 4H 55 år 

Elin Klette Æresdiplom 2023  Heider og ære til medlem