12.februar gjennomførte 4H Hordaland sitt fylkesårsmøte på Jondal skule. 129 delegatar frå 27 ulike klubbar frå heile fylket var med å avgjere kva 4H Hordaland skal fokusere på dei neste åra.

 

Det er liten tvil om at dei mest interessante samtaleemna på årsmøtet til 4H Hordaland var synleggjering og det faktum at me skal arrangere landsleir på Voss i 2024. Hovudmålet til fylket er at planlegginga og gjennomføringa av leiren skal styrka engasjementet og samhaldet i fylket før, under og etter leiren er gjennomført. 4H Hordaland har mange aktive medlemar i alle aldrar som alle har lyst å lage ein flott landsleir for alle medlemar nasjonalt. Dette kjem til å bli ein god erfaring som alle medlemane tek vidare med seg seinare i livet.

 

Det var ingenting å seie på stemninga under årsmøtet. Nærast alle som gjekk opp på talarstolen hausta applaus frå salen. Dette med god grunn, då mange forslag gjekk på å gjere organisasjonen vår endå synlegare for andre som ikkje er med i den. Me ynskjer at alle skal ha moglegheita til å vere med i det me meiner er Noregs beste barne- og ungdomsorganisasjon. Dei neste åra håpar me folk legg merke til oss både på sosiale medium, fysiske standar rundt om i fylket og med kleda me har på oss.

 

Gammelt styre takker for seg               Sofie Ljones tar over som leiar etter Synne Røthe Sandal

 

Fylkesstyre 2022 takkar for seg                      Sofie Ljones tek over som leiar for 4H Hordaland

                                                                                 etter Synne Røthe Sandal 

 

 

Besøk av Vestland Bondelag            

 

Knut Byrkjeland Hauso frå Vestland Bondelag deltok på årsmøtet