Nærmare 100 4H-arar frå 25 klubbar kom til Jondal for å lære om sitt styreverv, det å vera aspirantleiar , bli friluftshelt, og årsmøteseminar der dei gjekk gjennom årsmøtepapira og korleis ein ter seg på sjølve årsmøtet. Søndag deltok alle på 4H Hordaland sitt årsmøte.

I korornatiden mista 4H Hordaland mange medlemmer, derfor er mange av medlemmane som sit i klubbstyra i dag nye i 4H, dei er unge, og dei har ikkje vore med styrevervskurs  eller store fylkesarrangement. Instruktørane og arrangør brukte mykje tid på å få til ei god og sosial helg. Her var det plakatskriving og leirinnmarsj for å øve på innmarsj til årets leirer og Landsleir 2024, bading, diskotek, brettspel, limbo, god mat, kiosk, og feiringa av 4H Hordaland sin 70-årsdag.

Ein stor takk til Folgefonn 4H som hadde alt ansvar for mat, kiosk, vakthold + alt det andre vi spurte om hjelp til. Takk til Jondal skule som lot oss få vera på skulen heile helga. Og takk til kursadministratorar, instruktørar og alumnar. De sto på før, under og etter kurshelga, slik at alle skulle få ei flott oppleving.

Overnatting i sal på styrevervskurs    Skrivarkurs

4H Hordaland 70 år    Instruktørar styrevervskurs