Frivilligpris hjå 4H Norge

I samband med Frivillighetens år 2022 ønskjer 4H Norge å dele ut ein frivilligpris til ein person, ei gruppe eller ein klubb som har utmerka seg med frivillig innsats til det beste for medlemmer og/ eller 4H sitt føremål, gjennom nyskapande idear og ekstraordinære initiativ. Prisen vil bli delt ut på sjølvaste Frivillighetsdagen 5. desember.

 

4H Hordaland har nominert Rune Solberg frå Osterøy

Rune Solberg har vore klubbrådgjevar i Vennskapsorten 4H på Osterøy i 27 år. Han har eit stort engasjement for 4H, friluftsliv og fotografering, og når han kan kombinere dei 3 aktivitetane er han verkeleg i sitt ess. 

Når 4H Hordaland gjennomfører ulike fylkesarrangement, stiller Rune ofte opp som kursinstruktør i friluftsliv eller som fotograf. Blant anna arrangerer han Juniorsprell på Hardangervidda for medlemmer i alderen 12-14 år kvart 3. år. Her får medlemmer innsikt i kart og kompass, soving under open himmel, oppsetting og bruk av samanleggbar kano med meir. Treng 4H ein instruktør på fotokurs eller friluftslivkurs på ein leir, storkurs eller Inspirasjonssamling/ klubbrådgjevarsamling, er det berre å spørje Rune.

Rune har eit stort ønskje om at born og unge skal få lære om friluftsliv og 4H. Derfor har han saman med Vennskapsporten 4H laga nærmiljøpark i nærleiken av ein av skulene, og dei arrangerer friluftskurs for barn og unge på Osterøy. Nokre av arrangementa arrangerer dei aleine, andre saman med kommunen eller andre organisasjonar. Dei er òg flinke til å engasjere andre 4H-klubbar i Hordaland, og tar dei gjerne med på turar og aktivitetar.

Fotograf Solberg har alltid med fotoapparatet, og det er ikkje noko unntak på 4H sine arrangement. 

På Plakettfesten tar han bilete av plakettmottakarane, på fylkesårsmøtet til 4H Hordaland tar han ofte bilete av vinnarane av Årets klubb, nytt fylkesstyre og årsmøtedeltakarar. Desse flotte bileta får 4H moglegheit til å bruke.

 

4H Hordaland er glade for å kunne nominere Rune Solberg til 4H Norge sin Frivillighetspris 2022.  

Rune Solberg              Rune Solberg