I mars fekk 4H Hordaland spørsmål frå klubbrådgjevar Inger Louise Mælen i Bjødnabykse 4H på Lofthus, om vi ikkje skulle starte 4H-klubb i Odda. Me svarte at det hadde vore kjekt, men at vi  trengte både medlemmer og klubbrådgjevarar /vaksne. Da starta ho ei facebookgruppe, "Me som ønsker 4H i Odda", der ho la ut mykje informasjon om 4H. 4H Hordaland gjennomførte "Sommerpatruljen i Vestland fylke /4H på vei i heile Vestland fylke",der eit av stoppestadane var Odda. Her stilte 4 ungdommar opp på stand i Odda sentrum for å fortelje om 4H. 

4H-stand i Odda

Søndag 22. oktober inviterte 4H Hordaland i samarbeid med Bjødnabykse 4H og Hårtigen 4H til informasjon- og oppstartsmøte på Odda barneskule. Nærmare 40 møtte opp og fekk høyre om 4H, barna fekk lage vennearmbånd, spikka grillpinnar og stekte pinnebrød, og sjølvsagt vart 4H-klubben Odda 4H starta.

3 vaksne har sagt at dei skal hjelpe barna/ ungdommane med å drive klubben. Det er Gjøa Helle Prestegard, Sigurd Lorvik Hansen og Trine Bay.

Om cirka 3 veker vil Odda 4H gjennomføre eit nytt 4H-møte med val av klubbstyre, medlemmane skal få kome med ønskje om kva for aktivitetar dei ønskjer ut året og i 2024, og i tillegg blir det aktivitetar inne eller ute.

Har du lyst til å bli med i Odda 4H? Meld deg inn HER

Odda 4H