Årets høydepunkt

For mange 4H-arar er Nordisk leir årets høgdepunkt. Her møter ungdommane gamle og nye venner, og dei får ein unik arena for å møtast, utveksle erfaringar og knytte vennskapsband på tvers av landegrenser. Dei får anledning til å lære meir om andre kulturar og viktigheita av inkludering og mangfald.

Slagordet for leiren var; Make Your Own Fairytale! Målet var at leirdeltakarane skulle ha sekken full av gode minner og enda meir eventyrlyst når dei reiste frå leiren.

På leiren fekk leirdeltakarane delta på/oppleve volleyball, fjelltur, Galdhøpiggen, tautrekking, Klimapark 2469, klatrepark, matlaging, stavkirke, steinsenter, dansing, tradisjonsbakst, musikk, fjellsenter, tradisjonshåndverk, jakt og fangst.

I år stilte 4H Hordaland med 56 deltakarar og 5 leiarar frå 19 klubbar. Ein stor takk til leiarane Silje Lilleås, Nicolaj Øvrevoll Disselhorst, Marius Instanes Opedal, Ingrid Otnes og Hjalmar Ølvestveit som gjorde ein flott jobb for at medlemmene våre skulle få ei flott reise og oppleving.