
136 ungdommar frå Hordaland til landsleir på Voss
Landsleir på Voss 6.- 13. juli.
Alle fylker må stille med ein leiar pr. 15. deltakar. Ettersom 4H Hordaland har mange deltakarar, og mange av dei er veldig unge, stiller vi med 11 leiarar.
Hovudleiar i år er Guro Kristi Holmerg. Ho kjem frå Rommetveit, og har mykje erfaring frå si tid i 4H, både som medlem og klubbrådgjevar.
Medlemmane må klare seg sjølve på leiren, men leiarane er der for å passe på at dei får den informasjonen dei treng, og hjelper dei generelt med ting dei lurer på. Det er viktig at medlemmer som treng mykje hjelp/oppfølging må ta med seg eigen følgje.
Fylket må betale for leiarane+ felleskostnader som fyrstehjelpsutstyr, telt til leiarar, presenning, solkrem for dei som har gløymd det, og administrasjon mm. Utgifta vil bli fordelt på alle deltakarane. I år er denne prisen kr. 300,-.
Faktura vil bli sendt ut til alle deltakarar.