4-5 mai var årets arrangement og i år var det heile 116 stykker som var med.

Klokken 12 var det ankomst med ein liten omvisning på garden før alle spiste medbrakt lunsj oppe v dammen.

Kl 13.30 var det åpning av Norges første minidiskgolfbane og i år var det varaordfører Nina Bognøy som kom til Molvik gard for å være med på arrangementet.

Ca 80 små og store var med på første runde på minidiskgolfbana og alle fekk med seg ein frisbee heim. Utover dagen var det tid til bading, volleyball, øksekast, dansing og masse andre aktiviteter som ungene organiserte meir eller mindre på
eigen hand.

ca 70 stykker overnatta, dei fleste i hengekøyer men og ein 8-10 telt var i bruk gjennom natta. Utover kvelden var det masse prat rundt bålet mens ungene stod fint i kø for å kaste øks. På øksekastarenaen var det kø frå kl 16 og fram til kl 22 når øksene måtte legge seg. Volleyball spelte ungdommene heile ettermiddagen og utover kvelden.

Søndag morgen kom det mange foreldre for å hente barna og 26 stykker var med på biesafari før de reiste heim.

Lokalavisa Strilen var innom på lørdag og lagde ein flott reportasje som du kan lesa her:
Strilen 5 mai

Molvik 4H gard er godt nøgd med helga.

Har din klubb lyst å ha arrangementer, prosjekter eller berre komma på besøk så er det berre å ta kontakt.