I Statsbudsjettet for 2024 føreslår regjeringa ei samla løyving på om lag 183 millionar kroner til tilskotet til barne- og ungdomsorganisasjonar. Dette er ein auke på 10 millionar kroner frå tidlegare.

I dette høvet møtte barne- og familieminister Kjersti Toppe blant anna Tuva Helland og Steffen Stråtveit frå Bordalen 4H, andre lag og organisasjonar på Voss, ordførar Hans-Erik Ringkjøb og påtroppande ordførar Tonje Såkvitne. Alle var tydelege på kor viktige dei løyvde midlane i statsbudsjettet er for å halde oppe aktivitetane i lag og organisasjonar.

Foto: Marie Haga