Helga 2.-4. juni fekk nærmare 150 barn oppleva leirlivet
I Hordaland arrangerast det kvart år 4 distriktsleirar for 4H-arar i alderen 9- 12 år.
Helga 2.-4. juni vart 3 av leirane gjennomført i strålande sol og mange aktive 4H-arar.
Fjordglimt 4H arrangerte leir for alle i Nordhordland på Matre. Her fekk medlemmane velje desse aktivitetane: eventyrskogen/padling/ ferskvannsfiske, matlaging på bål og fisking, kreativ med pil, flettekurs med influensaren «flettemamma», volleyball og fotball.
Spretten 4H arrangerte Distriktsleiren for Sunnhordland på Vikse. Her var det 8 fagaktivitetar: fotball, baking/ matlaging, volleyball, gardsbesøk på Vikse, hest/ riding, tur i nærområdet i fine turløyper, sjøfiske og paintball.
For distriktet Voss, Ulvik og Granvin blei leiren arrangert av Dyktig 4H i Eideshagen på Bulken. Aktivitetstilbodet her var: fotball/ballspel/trening, riding, skyting, baking/pynting, fisking, skogs-/fjelltur, sykkeltur, forming, sløyd, klatrepark.
Ein stor takk til dei 3 arrangørane for flotte leirar!
Bilder frå distriktsleiren i Sunnhordland:
Bilder frå distriktsleiren Voss, Ulvik og Granvin:
Bilder frå distriktsleiren i Nordhordland: