Fylket organiserer felles transport til/frå leiren og rekrutterer vaksenleiarar. Hovudleiar er på toppen, mens resten av leiargruppa er kontakt for 15 deltakarar kvar. Eventuelle medfølgarar av deltakarar med ekstra behov kjem i tillegg.

Med grunnlag i registreringsskjemaet under, set fylkesstyret saman den beste leiargruppa. Du vil få tilbakemelding frå 4H-kontoret så snart avgjersla er tatt. Etter dette får du eventuelt melding om å fylle ut påmeldingsskjemaet til landsleiren.

Som vaksenleiar er det sjølvsagt fylket som betaler både leir og transport. 

Frist for å melde interesse for å vere vaksenleiar er 15. april