Her kjem ei kort oppsummering av dei tema som vi var innom på møtet:

  • Landslotteri
    • 4H-klubbane får kroner 8 pr selde lodd i år
    • Kan selje lodd fram til 15. september
    • Oppfordre till å finne andre måtar å selje lodd på enn å banke på dørene, t.d. sosiale media, "loddkiosk" ved butikken, plakatar
  • Klubbaktivitet
    • 4H-klubbane har vore flinke til å halde kontakt med medlemmane
    • Retningslinjene til 4H Norge tillet no at vi kan samlast i grupper på opptil 50 dersom vi har ein anvarleg arrangør, tek smittevernhensyn og fører frammøteoversikt. Sjå elles retningslinjene til 4H Norge i lenka til høgre
  • Søknader til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane
    • søknadsfrist 1. juni
    • prioriterte tiltak er lokale leirar, opne arrangement og synlgeggjering, og andre kjekke prosjekt de har i 4H-klubben
    • søknadsskjema og meir informasjon er det i lenka til høgre 
  • Landsleir 2022
    • 4H Sogn og Fjordane skal arrangere Landsleir i 2022, arbeidet er starta med ei arbeidsgruppe
    • Leirsjef er Inger-Margrethe E. Sørland, ho ynskjer seg fleire gode folk i arbeidsgruppa og seinare i hovudkomite og underkomitear
    • No er det størst behov for nokon som vil arbeide med økonomi og med informasjon - ta kontakt med Inger-Margrethe eller 4H-kontoret om du vil vere med, treng meir informasjon eller har tips til nokon vi kan spørje om å vere med
  • Innsende spørsmål
    • Den digitale prosjektplatforma - her er det beste tipset å sjå instruksjonsvideoane, sjå lenka til høgre - elles vert det arbeidd med å fylle opp Oppdragsbanken og forbetre nokre funksjonar
    • Aspirantleirar, klubbleirar - det er opna for at ein kan arrangere mindre, lokale 4H-leirar, ein må fylgje retningslinjene til 4H Norge - all overnatting skal vere ute med minst 1 meter mellom kvar, det skal takast smittevernhensyn og ein må som elles ha oversikt over kven som deltek. Sjå retningslinjene til 4H Norge
    • Aktivitetar som klubbane kan gjere framover - vi er svært glade for at 4H-klubbane kan ta opp att aktiviteten sin og møtast att. Vi tilrår at aktiviteten vert halden ute. Då er det lettare å halde kravet om avstand. Ta også særlege omsyn om det skal vere mat, det lettaste er nok at kvar enkelt har med seg sin eigen mat, evt må det vere ansvarlege personar som står for serveringa. No i starten er det også greitt med kortare arrangement.
      • Det kom mange gode eksempel på arrangement som ein kan gjere saman med avstand, t.d. sykkelløp på idealtid, vedlikehald og klargjering av naturmøteplassar, arbeid med 4H-prosjekta i mindre grupper og rydding til 17. mai (eller generellt langs vegen, rundt grendahuset osv).
    • Motivasjon -korleis kan ein motivere medlemmer og klubbrådgjevarar til å halde fram med 4H-arbeidet og 4H-prosjekta? Det er ein god motivasjon no når ein kan møtast att fysisk. Lag enkle korte aktivitetar, der hovudmålet er å samlast som 4H-klubb. Hugs smittevernreglane og ha det kjekt!
    • Haustfest - kan vi ha haustfest som vanleg? Det er vanskeleg å svare på enda. Mange 4H-klubbar har hatt god erfaring med å arrangere haustfest ute, enten på naturmøteplassen eller utanfor ungdomshuset. Dette kan vere ei god løysing dersom ein vanlegvis har eit lokale som er trongt. Dersom ein vel å ha haustfesten ute kan det vere lurt å ha den noko tidlegare enn vanleg elles kan det bli kaldt å vere ute. Vi vil samle ein del gode tips til haustfestarrangementet og sende ut før sommaren.