Vinnarar 2020-2022

 

         Vinnarar         

Vinnarar

Mittet, Rauma kommune

Kveldssol 4H har inngått eit samarbeid med Mittet idrettslag. Dei skal ruste opp ei sandvolleyballbane som har tydelige bruksmerker etter å ha vore ein sentral arena i 20 år. Dei ønskjer også å ruste opp området rundt bana ved å bygge ein gapahuk med tilhøyrande grillområde. Området kan brukast av klubben eller andre i nærområdet som ein fin samlingsplass. Kansje blir det volleyballturnering her også?

*bilete kjem

, Rauma kommune

Liljen 4H har som mål å skape ein naturmøteplass som skal bli deira base for aktivitetar i og ved vatnet. Dei skal bygge ein open gapahuk i eit naturområde som er godt tilrettelagt til å bli ein bra naturmøteplass. Gapahuken skal innehalde bord, benkar og lagerrom for oppbevaring av diverse utstyr dei har i klubben. 

*bilete kjem

Eresfjord og Vistdal, Molde kommune

Vårsol og Ørn 4H har inngått eit samarbeid med Eresfjord IL om å skape ein møtteplass i tilknytning til skisenteret som akkurat har fått ein ny reguleringsplan. 4H klubbane skal sette opp to gapahukar sentralt i det nye skileikområdet. Gapahukane skal vere romslige, med benker og bord og ein naturleg plass å trekke seg tilbake i.

*bilete kjem

Godøya og Alnes, Ålesund kommune

Leik og samspel er eit nærmiljøprosjekt på Godøya og Alnes som har mange gode planar. I dette prosjektet har dei som hovedmål å etablere ein møteplass for barn og voksne. Dei skal bygge ein ny gapahuk med grillstad, samt etablere ein naturleikeplass i skogen for barn, unge og vaksen i lokalmiljøet.

*bilete kjem

Vigra, Ålesund kommune

Ågnegjerde Velforening skal bygge ein møteplass som kan bidra til å kunne samle, engasjere og inkludere nærmiljøet rundt. Dei skal utforme gapahuken slik at den har plass til minst ei skuleklasse. Målet er å etablere ein felles samlingsplass som gir ly, inviterer til eit mangfald av aktivitetar og er ein naturleg stoppeplass for aktivitet, matlaging og undervisning. 

*bilete kjem

 

Vinnarar 2019-2020

Gjøra, Sunndal kommune
Fossekallen 4H og Driva IL samarbeidar om sitt "Draumeplass-prosjekt" i Sunndal kommune. Dei har sett opp ei grillhytte i nærleiken av ein idrettsplassen med leikeområde på Gjøra. Prosjektguppa er svært flink og involvere born og unge i nærmiljøet i dette prosjektet. 

Fossekallen4H_2

Fossekallen4H

 

Hundeidvika, Sykkylven kommune.
Straumen 4H, Hundeidvika IL og Hundeidvika Skule har i fellesskap fått ferdigstilt ein gapahuk i nærheten av Hundeidvika skule og idrettsplass. I nærområdet har dei fleire aktivitetar som bl.a. klatrepark, tursti, sykkelbane og store idrettsfasilitetar. Gapahuken ligg flott plassert i terrenget, med utsikt utover opninga på Hjørundfjorden og Sulafjellet.

 

Straumen4H_2

Straumen4H

 

Todalen, Surnadal kommune
Draumeplassen i Todalen var den første som var ferdigstilt i Møre og Romsdal. Todalen IL, Surnadal jeger- og fiskelag, Todalen Elveeigarlag og Start 4H var samarbeidspartnarar i prosjektet.0 Gapahuken ligg flott til ved Toåa Tursti og elva Toå. I tillegg til gapahuken har lokalsamfunnet bygdt ut ein universell utforma fiskeplass, tursti og bålplass. Eit flott tiltak som opnar opp friluftsmoglegheitar for fleire.  

Du kan lese meir om Toa Tursti, laksefiske og gapahuken her.

Todalen IL

draumeplassen_todalen

Åheim, Vanylven kommune

Elvablikk 4H har i samarbeid med Åheim Bygdeutvikling skapt ein naturmøteplass som ligg ved Åheimselva i Åheim. Gapahuken blei bygd på eit godt opparbeid område med asfaltert gangareal og plen. Prosjektet har engasjert lokale, unge og vaksne i ein god prosjektperiode. 

Elvablikk4h

Inkludering av barn og unge_Elvablikk4H

Åfarnes, Rauma kommune

Kråkefot 4H har bygd ein gapahuk som ligg ved barneskulen i Åfarnes. Barn, unge og voksne har hatt ulike prosjekt og bidratt på ulike arenaer. Skogrydding, graving, matlaging, bygging, støyping, dokumentering, maling, spikking og vedproduksjon har vore litt av arbeidet dei har fått vore borti i denne prosjektperioden. Dei hadde ei flott opning av sin draumeplass, med merkeutdeling og informasjon om prosjektet.

I tillegg til gapahuken er det bygd bord og benkar av tømmer som blei felt i skogen. Barn plukka stein i området for å lage bålplass, og skule og FAU har utbedra skuleområdet med taubane på leikeplassen og idrettsanlegg. Fint eksempel på kva lokalsamfunn kan få til om dei står saman.

Kråkefot 4H 

Inkludering av barn og unge_Kråkefot4H