Få eit klubbstyre som:

 

Tar ansvar

Veit kva dei skal gjere

Er engasjerte

Samarbeider godt

Er kreative

 

«Det er utruleg kor stor skilnad det er å vere Klubbrådgjevar for eit styre som har vore på styrevervskurs, og eit styre som ikkje har det. Har dei vore på kurs er dei mykje meir sjølvstendige!»

- Laila Helene Halvorsen, Klubbrådgjevar i Jaguar 4H

 

I 4H er det medlemmane sjølv som sit i styret og skal drive 4H-klubben sin. For å kunne gjere dette er dei avhengige av å vite kva som krevst av dei, og kva for oppgåver dei ulike verva i eit styre har. Dette lærer dei på styrevervskurs! I tillegg får dei møtt andre 4H-arar frå ulike stadar i fylket, utveksla idear og får nye impulsar.

 

I Trøndelag har vi 3 styrevervskurs i 2026.

Nedst på sida finn du ei oversikt over kursa, og kva for klubbar vi ønskjer oss at meldar seg på kva for kurs. Grunnen til at vi har fordelt klubbane er for å hindre at det vert veldig skeivfordeling i talet på deltakarar på kvart kurs.

For både arrangørar, instruktørar og deltakarar er det best med tre relativt like store kurs fordelt i fylket. Ikkje alle er sett opp på det nærmaste kurset geografisk, men dette vil jamne seg ut over år når kursa er på ulike stadar i fylket.

 

Påmeldingsfrist: 15. desember.

Fristen gjeld for alle tre kursa!

 

Det er to typar kurs å velje mellom:

Verv-kurs: For dei som er nye i vervet sitt eller ikkje har vore på kurs tidlegare.

Vel mellom Leiar/nestleiar, Sekretær, Kasserar og Styremedlem.

 

DRIV: DReven, men IVrig på å lære noko nytt?

Dette er eit kurs for dei som er 15 år (f. 2010) eller eldre, og som har vore på kurs i sitt verv tidlegare. På dette kurset lærar ein om organisasjonsdrift, verving, kommunikasjon og samarbeid, arrangementsplanlegging og liknande.

 

Vaksenleiarar

For å kunne gjennomføre kurset på ein god nok måte er vi nøydd til å ha med nokre ekstra vaksne. Vi treng 1 vaksen per 10. deltakar, som melder seg på som «vaksenleiar». Som vaksenleiar er ein nærmaste kontaktperson til sine deltakarar, tar ansvar for dei og passar på at de søv, et og har det bra. Snakk gjerne med naboklubben/klubbane og organiser felles vaksenleiar til kurset.

 

ÅLVÅGS: Å Lære Ved Å Gjere Saman

På sundag har alle kursa eit felles opplegg, der dei skal arbeide i grupper på tvers av kursa. Kva opplegget er får dei ikkje vite før dei møter opp på morgonen. Poenget med økta er å øve på samarbeid, gjennom praktiske oppgåver.

 

Under ser du ei enkel oversikt over programmet for kurshelga.

Eit meir detaljert program, samt pakkeliste og anna informasjon kjem på e-post til dei som melder seg på kurs.

Fredag

Oppmøte frå 17.00. Registrering og mat.

Kursstart 18.30.

Sosialt på kvelden. Kiosk.

Laurdag

Kurs gjennom dagen.

Felles måltid med dei andre kursa.

Sosialt på kvelden. Kiosk.

Sundag

Felles opplegg for alle kursa: ÅLVÅGS

Avslutning og utdeling av vitnemål kl. 12.00.

Lunsj og avreise etterpå.

 

Deltakaravgift

Pris pr. deltakar er 1100,-

Dette dekkjer overnatting, alle måltid, kurs og kursmateriell og administrasjonsutgifter.

Pris pr. vaksenleiar er 400,-

Dette dekkjer overnatting, alle måltid og administrasjonsutgifter.

 

Det er vanleg at 4H-klubben betalar for sine deltakarar. Klubbar som sender felles vaksenleiar kan godt fordele kostnaden på denne mellom seg. Fakturaen vert sendt til klubbane frå 4H Norge.  Hugs å sjekk søppelposten, vi opplever at e-post frå 4H kan hamne der.

 

Kontakt

Ansvarleg for styrevervskurset i 4H Trøndelag er organisasjonsrådgjevar Ingveig Bustad Hegland

E-post: ingveig.bustad.hegland@4H.no
Telefon: 481 95 458

(Hugs å signer sms og e-post med namn og klubb, så eg veit kven som tar kontakt.)

 

Fordeling av klubbar på dei ulike styrevervskursa

Fordelinga er eit utgangspunkt! Viss din klubb ikkje kan delta på det kurset det er sett opp på, kan ein sjølvsagt melde seg på eit av dei andre kursa.

Haltdalen oppvekstsenter

16. – 18. januar

Selbu ungdomsskole

6. – 8. februar

Snåsa skole

27. februar – 1. mars

Klubb

Reistetid

Klubb

Reisetid

Klubb

Reisetid

Ivrig 4H

Arr.klubb

Selburosa 4H

Arr.klubb

Snåsa 4H

Arr.klubb

Fremad 4H

1t 55min

Varden 4H

Arr.klubb

Øverbygda 4H

Arr.klubb

Viking 4H

1t 47min

Stiklestad 4H

1t 37min

Hatten 4H

2t 3min

Villmarken 4H

1t 42 min

Selnes 4H

2t 46min

Gravvik 4H

2t 6min

Paradiset 4H

1t 27min

Elvran 4H

25min

Foldereid 4H

1t 34min

Solviljen 4H

1t 43min

Skognbygda 4H

1t 14min

Namsinj 4H

1t 28min

Viken 4H

43min

Gullstjerna 4H

1t 2min

Lauga 4H

2t 4min

Kløvern 4H

1t 17min

Fjellsprett 4H

1t 29min

Liv 4H

54min

Hoston 4H

1t 51min

Frosta 4H

41 min

Hållingen 4H

50min

Rufus 4H

2t 4min

Falken 4H

51min

Nyskudd 4H

30min

Svorkmo 4H

1t 32min

Forra 4H

59min

Jøa 4H

2t 8min

Meldal 4H

1t 47min

Spurven 4H

1t

Utvorda 4H

1t 46min

Byneset 4H

1t 38min

Fjellhauken 4H

41min

Sjøhaugen 4H

1t 44min

Ekornet 4H

1t 35min

Vuku 4H

1t 44min

Bjønnspåret 4H

1t 20min

Fjellvåken 4H

1t 42min

Skogtroll 4H

35min

Sisu 4H

1t 10min

Havørna 4H

2t 27min

Jaguar 4H

1t 21min

Bråttåbjønn 4H

55min

Vennastranda 4H

2t 25min

Lyn 4H

2t 21min

Rygg 4H

28min

Røstkvervet 4H

2t 22min

Nøttern 4H

1t 34min

Fram 4H

55min

Innstrand 4H

3t 7min

Prøven 4H

1t 48min

Malmen 4H

59min

 

 

Mosvik 4H

2t 9min

Friske Viljer 4H

32min

 

 

Gå-På 4H

2t 1min

Kameratklubben 4H

59min

 

 

 

 

Viljar 4H

57min

 

 

 

 

Alt Mulig 4H

55min

 

 

 

 

Sparbu-Viking 4H

1t 6min

 

 

 

 

Hjartelaget 4H

1t 12min

 

 

 

 

Framtid 4H

1t 8min