Fylkesårsmøtet er 4H Norge sitt høgaste organ i 4H-fylket, og har eit overordna ansvar i organisatoriske og økonomiske spørsmål for 4H-arbeidet i fylket. Alle klubbane kan sende 2 representantar kvar (veljast på årsmøtet i klubben).

I forkant av årsmøtet har 4H-klubbane, 4H-fylkesstyret, medlemmar i sentralstyret i 4H Norge, medlemsorganisasjonane og dei valde årsmøterepresentantane rett til å sende inn saker til fylkesårsmøtet. Slike saker skal vere fylkesstyret i hende seinast seks (6) veker før fylkesårsmøtet, altså innan 31. januar 2026.