4H Trøndelag har booka buss til Landsleiren! Alle som skal på leir kan melde seg på bussen.

 

Pris: 3650 kr.
(Ønskjer du å sitje på berre éin veg er prisen 2650 kr.)

Fylkesstyret har stor forståing for at dette verkar dyrt, men for denne prisen får du altså heile reisa (tur-retur) ferdig planlagt, privatsjåfør, god stemning og moglegheit til å "tjuvstarte" leiren ilag med resten av deltakarane frå Trøndelag. I tillegg er det bra for miljøet!

Det er viktig å understreke at 4H Trøndelag ikkje har økonomi til å gå i underskot. Vi har arbeidd med å få ned prisen så godt vi kan, og har prøvd å setje ein pris som er realistisk for både deltakarar og 4H Trøndelag som arrangør.

For å hjelpe til litt på den økonomiske vegen har fylkesstyret utarbeidd ein søknadsmal du kan bruke for å søkje om støtte til å reise på leir. Denne kan du fylle ut og sende til lokalt næringsliv eller andre organisasjonar som er opptatte av å leggje til rette for aktive ungdommar.

 

Det kjem til å vere vaksenleiarar på bussen. Kven dette er vert delt så fort alle er på plass.

 

OBS:

  • Alle som skal vere med på bussen SKAL bruke bilbelte TIL EI KVAR TID.
  • Det er ikkje tillete med energidrikke på bussen.
  • I tillegg kjem reglane frå leiren, som alle forpliktar seg til å følgje.

Ved brot på reglane kan du verte heimsendt frå leiren på eiga rekning.

 

Alle som meldar seg på får tilsendt detaljert informasjon om reisa på e-post etter påmeldingsfristen har gått ut.

 

Stoppestadar (tidspunkt kjem nærmare leiren)

Oppdal - Klett - Trondheim S - Stjørdal S - Åsen - Gråmyra - Røra - Steinkjer S - Snåsa - Grong - Gartland - Namsskogan - Sortland

 

Har du spørsmål rundt reisa til leiren kan du sende ein e-post til organisasjonsrådgjevar Ingveig: ingveig.bustad.hegland@4h.no.