- Arrangør: 4H Trøndelag
- InnoCamp, Steinkjer
- 13:00 - 16:00
Det vert ekstraordinært årsmøte i 4H Trøndelag på Steinkjer 7. juni.
Fylkesstyret har fått eit krav om ekstraordinært årsmøte.
Dette vart behandla på fylkesstyremøtet 12. mai, og det er bestemt at
ekstraordinært årsmøte skal haldast på InnoCamp på Steinkjer, 7. juni 2026 kl. 13.00.
Denne kunngjeringa er etter vedtektene, som seier at eit ekstraordinært årsmøte skal kunngjerast minst 3 veker før gjennomføring. Alle leirarar og klubbrådgjevarar i fylket vil òg få kunngjeringa på e-post, i tillegg til at ho står i siste Klubbservice som vart sendt ut onsdag 13. mai.
Det ekstraordinære årsmøte skal berre behandle budsjettet i fylket, med mindre andre saker vert meldt inn. Fristen for å melde inn saker er 24. mai.
Meld inn til fylkesstyret på e-post til leder.trondelag@4h.no.
Sakspapir vert sendt ut 31. mai.
Påmeldingsfrist 1. juni.
Påmelding via medlemsregisteret.
Fylkesstyret ønskjer ikkje at 4H Trøndelag skal verken tene eller tape pengar på det ekstraordinære årsmøtet. Difor vert deltkarane fakturert i ettertid. På den måten kan vi rekne ut og fakturere for den reelle kostnaden det vil vere å avhalde årsmøtet, og ikkje gå i over- eller underskot på arrangementet.