No kan alle lag og medlemmar i 4H Møre og Romsdal låne spennande aktivitetsutstyr frå fylkeskontoret. Perfekt for møte, kurs og store og små arrangement!
Tilgjengeleg utstyr:
-
Smoothiesykkel
Ei sykkeloppleving litt utanom det vanlege! Trå deg fram til ein sunn og god smoothie – ein aktivitet som både engasjerer og smakar godt.
-
Taubruer
Skap samarbeid og meistring med enkle friluftsaktiviteter. Taubruene passar supert til både uteaktivitetar og naturbaserte utfordringar.
-
Softbattle‑utstyr
Mykje moro og full fart – på ein trygg måte! Softbattle passar like godt for små og store grupper, og er perfekt for leik, teambuilding og konkurransar.
Slik gjer du det:
Ta kontakt med fylkeskontoret for å sjekke tilgjengelegheit og avtale utlån. Utstyret kan hentast og leverast etter avtale.