4H Sogn og Fjordane har i 2026 fått støtte til aktivitet frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.
4H Sogn og Fjordane har motteke ei stor gåve frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane til prosjektet «Frå jord til framtid med 4H». Det er ei glede å meddele at vi har 540.000 kroner som vi vil dele ut til klubbane i 4H-fylket. Desse pengane er gitt frå overskotet til SpareBank1 Sogn og Fjordane, og vi i 4H Sogn og Fjordadne vil at midlane skal gå til landbruksaktivitetar.
Søknadsfristen er 31.mars og søkjerane kan forvente svar i løpet av april.
Kriterier for tildeling av midlar til landbruks aktivitet:
-
Både 4H-klubbar, 4H-nemnder og 4H-gardar kan søke om støtte til å gjennomføre landbruks aktivitetar.
-
Ein kan søke om støtte til kostnader i samband med planlegging, gjennomføring og evaluering av kurs og aktivitetar som tek utgangspunkt i landbruk, bærekraft, sjølvberging og tradisjonshandverk.
-
Aktivitetane skal vere inkluderande, og det skal leggjast særleg vekt på prinsippet «Alle med».
-
Vi oppmodar klubbane til å samarbeide med andre klubbar, lag og organisasjonar.
-
Legge vekt på fokus på læring og kompetanseheving.
-
Døme på kva de kan søkje støtte til:
🐽 Kurs i dyrking, kompostering, eller stell av husdyr
🐽 Kurs i mekking, vedlikehald og praktiske landbruksferdigheiter
🐽Matkurs og opplæring i «frå jord til bord», sjølvberging
🐽 Gardsbesøk, demonstrasjonsdagar og lokale landbruksdagar
🐽 Innkjøp av utstyr og materiell til bruk i kurs eller aktivitet
🐽 Leige av lokale eller transport i samband med kurs
🐽 Trykking av invitasjonar, annonsering og anna marknadsføring
Vi rekna det som eit stort pluss om ein inviterer andre lag eller organisasjonar. Vi oppmodar òg om samarbeid med lokale bønder, Bondelaget, Bygdekvinnelaget og flyktningstenesta i kommunen, slik at vi når ut til fleire og styrkjer fellesskapet.
I søknaden må ein sette seg eit mål for prosjektet og det må kome fram korleis ein vil oppnå måla ein set seg.
Dei som får innvilga midlar må ha gjennomført aktiviteten og sende inn rapport innan 1.oktober.
Er du usikker på noko rundt søknadsprosessen?
Ta kontakt med 4H-kontoret.
Det er stor kamp om midlane, så ein kan ikkje garantere at alle får den fulle søkesummen.
