Framtidsretta Naturmøteplassar

4H Sogn og Fjordane har motteke kr 450 000 i stønad frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. 335 000 av desse midlane skal vi dele ut til 4H-klubbane i fylket. Desse midlane har fått namnet naturmidlar og vi gler oss til å motta søknaden din.

Kvar klubb kan søkje om inntil 25 000 kroner i naturmidlar med følgande kriterier.

Naturmidlane skal gå til:

  • Utvikling av nye naturmøteplassar
  • Utvikling av eksisterande naturmøteplassar
  • Kompetanseheving innan friluftsliv
  • Friluftsutstyr

Synleggjering av frivilleg arbeid og eigenkapital blir også vektlagt når fylkesstyret skal behandle søknadane.

Søknadsfrist er 30.mars og de kan forvente svar innan utgangen av april.

Dei som mottek midlar er pliktige å sende inn rapport og bilete etter at prosjektet er gjennomført. Frist for dette er 1. september. Dersom vi ikkje mottek rapport innan fristen må midlane tilbakebetalast.

Er du usikker på noko rundt søknadsprosessen?
Ta kontakt med 4H-kontoret. 

Det er stor kamp om midlane, så ein kan ikkje garantere at alle får den fulle søkesummen.

 

4H har som føremål å utvikle ein aktiv og samfunnsengasjert ungdom med ansvarskjensle og respekt for natur og menneske. Mottoet vårt er «å lære ved å gjere»

Logo Sparebanken sogn og fjordane