Koronapandemien er ikkje over. Trass i dette så ynskjer vi å stimulere til auka aktivitet. Målet vårt er å skape born og ungdom med klårt hovud, varme hjarte, flinke hender og god helse. Vi veit at lokal aktivitet er avgjerande, difor vil vi i 2021 tildele støtte til aktivitet i regi av 4H-klubben.

 

Kva kan klubben søke støtte til?

Klubben kan sende inn ein søknad per arrangement klubben ynskjer å arrangere. Fylkesstyret oppfordrar særleg til aktivitetar som er opne for nærmiljøet.

  • 4H-klubbaktivitet
    • De forklarer kva, korleis og kvifor de vil gjennomføre aktiviteten i søknadsskjemaet.
    • Klubben kan søkje om opp til 10 000 kr og i tillegg til pengestøtte får klubben ein arrangørpakke. Arrangørpakken inneheld fyrstehjelpsskrin, handsprit og natursti med 4H-premiar.  
  • 4H-aktivitet som skapar glede hjå folk i nærmiljøet
    • De forklarer kva, korleis og kvifor de vil gjennomføre aktiviteten i søknadsskjemaet.
    • Klubben kan søkje om opp til 10 000 kr og i tillegg til pengestøtte får klubben ein synleggjeringspakke. Synleggjeringspakken inneheld små 4H-flagg, informasjonsbrosjyre og tips til synleggjering.
  • Klubbleir
    • Klubben mottek mellom 5 000 og 10 000 kr, tips til synleggjering og ein leirpakke i posten. Pengestøtta blir tildelt i forhold til tal deltakarar.
    • Fylkesstyret oppfordrar til synleggjering i nærmiljøet rundt leiren, t.d. tekst og bilete til aviser, SoMe og Kløverknekten.

4H har som føremål å utvikle ein aktiv og samfunnsengasjert ungdom med ansvarskjensle og respekt for natur og menneske. Mottoet vårt er «å lære ved å gjere».

Vedlagt ligg tips til aktivitetar som de kan søkje om støtte til. De kan velje fritt frå tipsa eller bruke dykkar eigen fantasi når de skriv søknad.

Tips til 4H-aktivitet som skapar glede hjå folk i nærmiljøet (PDF, 53KB)

Tips til dagsaktivitet (PDF, 116KB)

Tips til leiraktivitet (PDF, 96KB)

Tips til mataktivitet (PDF, 44KB)

Er du usikker på noko rundt søknadsprosessen?
Ta kontakt med klubbkontakten din. (PDF, 45KB)

Det er stor kamp om midlane, så ein kan ikkje garantere at alle får den fulle søkesummen.

 

Søknadsfrist: 1. juni 2021

 

Søknadsskjema fyllast ut elektronisk

 

Tildeling og rapportering

Søknadane vert handsama av fylkesstyret i juni 2021, og de får tildelingsbrev dersom de har fått støtte i løpet av juni. 

Tildeling er avhengig av tilsegn på søknad hos Sparebankstiftelsen Sogn og Fjordane.

Alle som får støtte pliktar å sende inn ein kort rapport (2-3 setningar) og bilete som syner kva midlane er brukt til. Lenke til rapporteringsskjema vil de finne i tildelingsbrevet. Biletet og rapporten kan bli brukt på 4H Sogn og Fjordane si Facebook-side, nettside eller i medlemsbladet.