4H og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har lang tradisjon for tett samarbeid. I mange år har vi hatt ein samarbeidsavtale der 4H Sogn og Fjordane søker om pengar vi igjen kan dele ut til våre lokale 4H-klubbar. Ordninga har fungert svært godt, og siste året delte vi ut støtte til over 50 klubbar! Dette betyr at våre medlemsstyrte 4H-klubbar kan skape aktivitet for og med barn og unge i eige nærmiljø. Dette betyr også at fylkeslaget gjennom ei støtteordning kan stimulere til utvikling og vekst lokalt.

Etter ein pandemi og lite kontakt med andre, vil vi i 2022 bygge 4H-felleskapet på tvers av klubbane, kommunegrensene og fylkesgrensene. I prosjektet Saman for 4H er målet at 4H-arar skal møtast, samarbeide og skape gode leirminner. For å stimulere til samarbeid på tvers av klubbane støttar vi ekstra viss søknaden viser til samarbeid med andre klubbar. Kvar klubb kan søkje om opp til 10 000 kr, samarbeider fleire klubbar kan ein derfor søkje om meir pengar. Fylkesstyret avgjer kven som får støtte. 

 

Kva kan klubben søke støtte til?

Delta på Landsleir på Breim

Delta på Fylkesleir i Hordaland

Arrangere aspirantleir eller juniorleir 

Arrangere «fiks ferdig leir»*

*laga får tilsendt ein fysisk pakke med alt dei treng til eit enkelt leir-arrangement. 

 

Søknadsfrist: 1. juni 2022

Er du usikker på noko rundt søknadsprosessen?
Ta kontakt med klubbkontakten din

Det er stor kamp om midlane, så ein kan ikkje garantere at alle får den fulle søkesummen.

 

 

4H har som føremål å utvikle ein aktiv og samfunnsengasjert ungdom med ansvarskjensle og respekt for natur og menneske. Mottoet vårt er «å lære ved å gjere»