
4H Sogn og Fjordane har også i 2025 fått støtte til aktivitet frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.
4H Sogn og Fjordane har motteke ei stor gåve frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane til prosjektet «På tur med 4H». Det er ei glede å meddele at vi har 500.000 kroner som vi vil dele ut til klubbane i 4H-fylket. Desse pengane er gitt frå overskotet til SpareBank1 Sogn og Fjordane.
Søknadsfristen er 31.mars og søkjerane kan forvente svar i løpet av april.
Kriterier for tildeling av friluftsmidlar:
-
Både 4H-klubbar, 4H-nemnder og 4H-gardar kan søke om støtte til å gjennomføre friluftsaktivitet.
-
Ein kan søke om støtte til kostnader i samband med planlegging, gjennomføring og evaluering av friluftsaktivitet.
-
Aktivitetane skal vere opne for alle som vil delta og det skal leggast vekt på å få «Alle med».
-
Vi oppmodar klubbane til å samarbeide med andre klubbar, lag og organisasjonar.
-
Døme på kva de kan søkje støtte til: Kurs i friluftsliv, friluftsturar mat til friluftsaktivitet, teambuildings-aktivitetar, inkjøp av materiell eller utstyr til bruk på aktivitet, leige av lokale, transport, marknadsføring av aktiviteten,
I søknaden må ein sette seg eit mål for prosjektet og det må kome fram korleis ein vil oppnå måla ein set seg.
Dei som får innvilga midlar må ha gjennomført aktiviteten og sende inn rapport innan 1.oktober.
Er du usikker på noko rundt søknadsprosessen?
Ta kontakt med 4H-kontoret.
Det er stor kamp om midlane, så ein kan ikkje garantere at alle får den fulle søkesummen.
4H har som føremål å utvikle ein aktiv og samfunnsengasjert ungdom med ansvarskjensle og respekt for natur og menneske. Mottoet vårt er «å lære ved å gjere»