Økonomi kan vera ei hindring for deltaking. Vi ønsker at så mange som mogleg skal kunne delta på 4H sine aktivitetar.  

Deltakarstønaden er for barn og unge under 26 år. Målet er å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom blant barn og ungdom.  

Det er mogleg å søke om støtte til:  

  • Medlemsavgift. 
  • Deltakaravgift for leir, kurs, klubbkveld o.l. 
  • Transport til og frå eit arrangement/aktivitet
  • Nødvendig utstyr. (NB! Undersøk moglegheit for å låne utstyr først). 
  • Kostnader knytt til ditt 4H-prosjekt. 

Fyll ut skjemaet under for å søke om støtte. Det er føresett eller klubbrådgjevar som sender inn søknad. Dersom medlemmet er over 18 år, kan medlemmet sjølv sende søknad. Søknadene blir behandla fortløpande av 4H-kontoret i fylket.   

Kriterier for å søke om deltakarstønad: 

Medlemmet og familien må ha ein økonomi som tilseier at det er for krevjande å delta på aktivitet eller tilrettelegge for eit 4H-prosjekt utan bistand. 

Medlemmet må vere aktiv i 4H. 

Enkelte arrangement krev betaling ved påmelding. Om det blir søkt om støtte i god tid, kan vi etter avtale  tilrettelegge slik at ein ikkje treng å legge ut. Dersom den som søker har moglegheit for å legge ut, refunderer vi etter kvittering. 

Ved spørsmål kontakt  4H-tilsette i fylket  

Deltakarstøtta er sponsa av: 
logo sparebankstiftinga SF