- Arrangør:
- (heldags)

Snart er vi klar for årets første trivselsagent samling! Skal du med?
Velkomen til fyrste trivselsagentsamling !
Samlinga vert 21.-23. mars på Nordfjordeid. Vi håpar på ei trivleg helg, og gledar oss mykje til å møte dykk! Trivselsagent er eit kjekt 4H-prosjekt for deg som vil ha eit annleis 4H-prosjekt der du kan gjere noko for klubben din og 4H Sogn og Fjordane – samtidig som du opplever kjekke ting saman med kjekke 4H-arar.
På denne samlinga skal vi bli betre kjende med kvarandre, og ha ulike aktivitetar ute og inne, og vi skal vere med å skape trivsel og moro på Nattvolleyballturneringa til 4H Sogn og Fjordane. Du får bli kjent med dei andre agentane, kjenne meistring, eigenutvikling og inkludering.
Pakkeliste:
Sovepose, liggeunderlag og pute
Toalettsaker
Skrivesaker
Godt humør
Klede til å vere både ute og inne i
Kva er ein trivselsagent?
Trivselsagentane si hovudoppgåve er å skape trivsel i 4H. Du lærer er korleis du kan vere eit godt førebilete for andre, og kva som er gode trivselstiltak. Samtidig blir du endå betre kjend med deg sjølv og andre.
Det vil verte to trivselsagentsamlingar saman med resten av trivselsagentane i fylket. Sosialt og kjekt, samstundes som ein knyt sterke band og djupe vennskap som varer livet ut. Mellom samlingane, og etterpå, er det lagt opp til at du skal arbeide med prosjektet i 4H-klubben din og på fylkesarrangement.
-
Ein aktiv 4Har som er med å skape trivsel både i 4H-klubben og i 4H Sogn og Fjordane
-
Du får utvikle deg sjølv saman med andre
-
Du får ta del i kjekke samlingar og vere med å skape liv og samhald på fylkesarrangementa, som trivselagent vil du få halv pris på storkurset og fylkesleiren.
-
Du kan ha trivselsagent som 4H-prosjekt.
-
Som 2.-4.års senior har du moglegheita til å velje eit prosjekt der du får nye vener, lærer mykje om deg sjølv, lærer å arrangere leikar og aktivitetar for andre og rett og slett sprer masse hugleik til folket. Høyres dette kjekt ut så er dette prosjektet for deg!
Bli med på eit spennande 4H-prosjekt der du får vere saman med andre kjekke 4H-arar, lære nyttige ting og verte ein endå betre 4H-ar.
Pris og aldersgrense?
Pris for å delta på trivselsagentprogrammet: 1250,- dette inkluderer volleyballturnering, trivselsagentgenser, 2 helgesamlingar med overnatting, mat og utstyr for helga. Som trivselsagent vil du også få halv pris på fylkesleiren og storkurset. Hugs at for å vere trivselsagent må man vere født i 2010 eller før.
Dersom det er behov for det er det mogleg å søkje 4H Sogn og Fjordane si inkluderingsstøtte for å få støtte til deltaking på trivselsagentprosjektet. Link til støtteordninga
Samlingar i 2025:
21.-23.03 - 1. samling
21.-24.06 - Fylkesleir
29.-31.08 - 2. samling
12.-14.09 - Storkurs
Har du noko spørsmål?
4H kontoret: Amalie Vie Jakobsgaard
Tlf: 96096782
Mail: amalie.jakobsgaard@4h.no
OBS! Påmelding/avmelding må skje innan 17.mars på mine sider. Påmeldinga er bindande, det betyr at du forpliktar deg til å delta, og at eventuell avmelding etter 17.03.25 medfører kostnad.
Med vennleg helsing årets trivselsagentkoordinatorar
- Camilla Nesheim og Inger-Margrethe Ellefsplass Sørland