Velkommen til trivselsagentsamling

 

4H Hordaland og 4H Sogn og Fjordane arrangerer ei samling for alle seniorar som har lyst til å verte trivselsagent, med og utan å ha det som sitt prosjekt!

Likar du å møte nye personar? Likar du å vere leiken og samtidig lære noko nytt? Då kan TRIVSELSAGENT vere noko for deg! Som trivselsagent får du moglegheita til å delta på kjekke samlingar og vere med på å gjere leirar og kurs endå kjekkare.

Det vil kome meir informasjon til dei som melder seg på!

 

Stad:                                Hytta på Grimseid (Bergen), Grimseidvegen 375

Det er mogleg for dykk å møte opp på bybanestoppet på Birkelandsskiftet og deretter blir plukka opp med bil av ein av oss leiarar. Eventuelt gje oss ein lyd om de treng meir hjelp med transport, så kan me hjelpe så langt det rekkJ

Når:                                  20. – 22. januar 2023

Kven:                                Fødd mellom 2005 – 2007 (seniorar)

Ansvarlege for helga:        Janniche Næss Bergås (95366726)                                  

                                        Kristin Eineteig (95941699)

Påmeldingsfrist:                6.januar i medlemsregisteret

Pris:                                  500kr

Ta med:

  • Laken, sengetøy (eller sovepose)
  • Toalettsaker og handle
  • Tjukkelabbar (veldig golvkaldt) og ellers varme klede
  • Skrivesaker og pc
  • Varme klede til å vere ut i!
  • Antrekk til temakveld: Bryllaup

Velkommen til samling!

                                                    Ta kontakt med arrangørane for spørsmål.


 

Program

Fredag:

Frammøte:                                 1930

Middag:                                      20.00

Kven er du?:                              21.00 og utover

Bli kjend og sosialt:                    Resten av kvelden

Ro på hytta:                               23.00

 

Laurdag:

Vekking:                                     08.30

Frukost:                                      09.00

Trivselsagent 101:                      09.00                     

Kva skjer i kveld?                       12.00

Lunsj:                                         13.00

Ja, jippi eller ingenting ute:        14.00

Fritid:                                          16.00

Eigentid med prosjektet:             17.00

Gjer deg klar til kvelden:             18.00

Bryllupsmiddag:                          19.00

Bryllupskvelden fortsetter:          20.00

Ro på hytta:                                00.00

 

Søndag:

Vekking:                                      09.00

Frukost og smørje niste:             09.30

Fotopuslespel:                            10.00

Evaluering:                                 10.30

Vasking:                                      10.45

Heimreise:                                  11.30