KVA ER EIT STYREVERVSKURS?

  • Styrevevkurs er for alle som sit i styret i 4H-klubben

  • Sosialt og fagleg påfyll for vaksne som er med som vaksenleiarar

  • Fylkesårsmøte i 4H Sogn og Fjordane

Melder du deg på Superhelga får du opplæring i styrevervet ditt på fredag og laurdag. I tillegg får du lære meir om kva som skal skje under årsmøtet på søndagen. Årsmøtet er del av styrekursopplæringa, slik at du blir godt kjent med den viktigaste demokratiarenaen i organisasjonen. Superhelga vert på Hafslo skule, der vi har kurs, søv og har artige aktivitetar i lag.

Fylkesårsmøtet på søndagen er i Samfunnshallen på skulen. Fylkesårsmøtet er også ope for klubbar eller medlems-organisasjonar som ikkje er med på Superhelga.

#Praktisk informasjon

#Påmelding

#Pakkeliste

#Styrevervkurs 

#Program

 

Praktisk informasjon:

Arrangør:  4H Sogn og Fjordane

Stad: Hafslo barne- og ungdomsskule 

Dato: 10.-12. februar 2023

Pris: Superhelga 900,- Klubbane betaler for sine deltakarar.

Fylkesårsmøte: Er inkludert i prisen for superhelga. Dei som berre deltek på årsmøtet betalar kr. 250,- 

Faktura blir sendt til klubben. Bindande påmelding.
Berre avmelding grunna sjukdom blir refundert. Dersom du blir sjuk like før, sender du ei melding eller ringer til Isak Nordgulen 
94 88 35 17 så snart som mogleg. 


Påmelding:
Personleg påmelding via ”Min side” (oppe i høgre hjørnet). Legg inn medlemsnummeret ditt og passord.

Merk: Hugs å melde deg på det delkurset du skal delta på (leiar/nestleiar, sekretær, kasserar, ny i klubbstyret, ringrev eller friluftshelt).

Legg også inn ev. allergiar, sjukdomar e.l. Du er automatisk påmeldt fylkesårsmøtet om du ikkje har gjeve melding om noko anna.

Manglar passord?
Om du manglar passord kan du be om å få dette på e-post. Du må ha e-post adresse registrert i medlemsregisteret. Manglar du dette kan du be ein i klubbstyret eller 4H-kontoret om å legge adressa inn for deg.

Påmeldingsfrist: 25. januar 


Vaksenleiar: Deltakarane må ha med seg vaksenleiarar på Superhelga, minst 1 vaksen pr 15 deltakarar frå kommunen. Det går fint å samarbeide om vaksenleiar.
Vaksenleiarane må rekne med litt dugnadsarbeid i løpet av helga, og får tilbod om å vere med på kaffikurs.

Ta med: Sovepose, liggeunderlag, skrivesaker, klede (inne og ute), toalettsaker, innesko/tøflar/tjukke sokkar, lommepengar – og elles det du treng i løpet av helga.

Mat og overnatting: Vi overnattar i klasserom på Hafslo skule. Mat vert servert i kantina på skulen.

Reise: Det går buss frå Sogndal fredag 10. februar klokka 16.20 og 17.10 og 21.15.  
Frå Hafslo til Sogndal sundag 12. februar er det sett opp felles buss. Bussen går når årsmøtet er ferdig. Alle påmeldte får meir informasjon på epost om dette.  

Meir informasjon: om superhelga vert sendt på e-post til den enkelte deltakar 2 veker før kursstart. Informasjonen vert òg lagt ut på nettsida til 4H Sogn og Fjordane 

Har du spørsmål, kontakt 4H-kontoret.


Styrevervkurs

Vi har 7 ulike kurstilbod for deg som skal på superhelga. Du skal berre velje eitt kurs:

Ny i klubbstyret: For deg som er fersk i styret i klubben. Her lærer du om styreverva, samarbeid, styret sine oppgåver og kjekke aktivitetar. Hovudsakleg for deg mellom 10 og 13 år som ikkje har vore i eit styre før, eller som har lite erfaring med styrearbeid

Leiar / nestleiar: Her får du innføring i arbeidsoppgåvene som leiar og nestleiar i klubben har, og skal mellom anna lære å leie klubben, om styret si rolle, om samarbeid og om det å ta ordet. I tillegg vert det litt om morosame leikar som de kan bruke på møte i 4H-klubben.

Kasserar: Her får du innføring i arbeidsoppgåvene som kasseraren i klubben har, og skal mellom anna lære å føre rekneskap og kassabok for klubben, lære om budsjett, og litt om andre viktige ting for økonomien til klubben.

Sekretær: Her får du innføring i arbeidsoppgåvene som sekretæren i klubben har, og skal mellom anna lære å skrive referat og halde styr på møteboka, lære om informasjonsarbeid og anna styrearbeid.

Ringrev/Trivselskurs: For deg som er over 15 år, som har delteke på styrekurs før og vil lære meir om korleis skape aktivitet i klubben. Det vert stort fokus på trivsel under dette kurset!

Friluftshelt: For deg som vil lære meir om friluftsaktivitet i klubben din og leggje til rette for at 4H-klubben kan ha meir aktivitet ute.

Kaffikurs: Dette er kurset for deg som skal vere vaksenleiar for deltakarar frå klubben/kommunen din. Her vil du få litt fagleg påfyll om det å vere vaksenleiar, informasjon om kva som skjer i 4H, inspirasjon til aktivitetar som klubben kan arrangere, og så vil du bli godt kjend med dei andre vaksne som er med på Superhelga!

 

Felles program:

  • Fredag kveld lærer vi om årsmøtet og blir kjende med kvarandre.
  • Laurdag blir kurs på dagtid, felles lunsj, nons og middag, og etter middagen skal gruppene få bidra til underhaldning for alle!
  • Søndag er det fylkesårsmøte i Samfunnshallen på skulen. 
Fredag 10. februar
1700Registrering av deltakarar på skulen 
1815Opning
1830Middag
1930Årsmøteopplæring
2030Bli kjent
2200Fellesleik, kos og hygge
2300Ro for natta
Laurdag 11. februar
0730Vekking
0800Frukost
0900Kursstart
1230Lunsj
1330Kursa held fram
1615Nons
1645Kursa held fram, avslutning av kurs
1815Fritid
1900Samling i gruppe
2000Middag
2115Underhaldning
2200Fritid
2400Ro for natta
Sundag 12. februar
0730Vekking, pakking og rydding av skulen
0800Frukost
Årsmøte i Samfunnssalen
0930Registrering
1000Opning av årsmøtet
1200Lunsj på Eikum hotell
1300Årsmøtet held fram
1500Årsmøtet vert heva